torsdag 16. desember 2010

Nydeleg juleframsyning av Ungdomsskulen


16.desember viste Vågå ungdomsskule fram ”Ei reise i bøkenes verd”. Produksjonen er laga av ungdomsskulen i samarbeid med mellom andre Endre Skjåk, og er støtta av midlar frå Den kulturelle skulesekken i Oppland fylkeskommune.

Handlinga utspelte seg på eit bibliotek, og vi møtte i løpet av den timeslange framsyninga fleire kjende og kjære karakterar frå både norsk og internasjonal litteratur. Elevar og tilsette ved Vågå ungdomsskule kan vere verkeleg stolte over kva dei har fått til her!




Her ser du alle elevane danse til songen "Glow" på slutten av forestillinga:

onsdag 15. desember 2010

Liv og røre på Vågåmo skule

Prosjektleiar er blitt utstyrt med kamera, og var i dag på Vågåmo skule for å sjå kva som gjekk føre seg.



Over ser de elevar gjere seg klar for kake- og kaffesal i matpausa. Prosjektleiar spurte om pengane ikkje burde gå til dei fattige barna i Afrika, og fekk då svar at inntektene skulle gå til dei fattige barna i elevrådet. Humor har dei i alle fall elevane i Vågå.


Fysisk aktivitet er også blitt ein del av kvardagen på nye Vågåmo skule. Saknar de Klones, spurte vi. Svaret vi fekk var at dei sakna akebakkene.

onsdag 8. desember 2010

Adventsdronninga på besøk i Søre-Grindstugu


I Søre-Grindstugu er dei heldige å ha eit kreativt personell, som vågar å bruke seg sjølv og alle sansane sine i sin omgang med ungane. Dei er også heldige å ha folk som er oppteken av drama, og som defintivt har talent. Sjå bilete frå då "Adventsdronninga" var på besøk i Søre-Grindstugu barnehage 8.desember.



tirsdag 7. desember 2010

Flytting på gang!


Dagen elevar og tilsette på Vågåmo skule har gleda seg til, har no kome. Dei skal få flytte inn i nye lokaler i Vågåmo, og er difor ferdig med å tilbringe skuledagen på Klones. I går var det dugnad for å flytte 5-7.trinn. I kveld skal tinga til 1-4. trinn flyttast. På torsdag er det opning, og alle elevar og tilsette er klar for sin nye skulekvardag. Her er elevane på 5.trinn i full gang med å øve til julekonsert.

Her kan du sjå fleire bilete frå deler av den nye skulen.

Nytt skulekjøken:

Rydding i korridorane på gang:

Felles opphaldsrom for elevane:


Bibliotek:

mandag 6. desember 2010

Mogleg samarbeid med Tyskland

Prosjektleiar fekk i haust innvilga støtte frå Senter for Internasjonalisering av høgare utdanning til å reise på eit såkalt "Comenius regio partnership contact seminar" i Budapest. Målsettinga med seminaret var at skuleeigarar frå heile Europa skulle møte kvarandre for å finne eventuelle partnarar for interasjonalt samarbeid.

På seminaret hadde vi "speed dating" med dei andre deltakarregionane. På bilete over ser du prosjektleiar saman med nokre av dei andre deltakarane. Vi fekk då presentert oss sjølv og fekk vite ein del om dei andre regionane. På bakgrunn av dette, fann eg ein partnar som passar bra til Vågå. Dette er ein region i delstaten Bayern, og litt landleg til - slik som Vågå. Det ligg i fjellområda, og skulen vi ønskjer å samarbeide med ligg på ein liten plass som heiter "Königsdorf". Lagt ved ligg deira prosjektskildring.

Prosjektideen om samarbeid er, som vi saman diskutere oss fram til: deling og utvikling av meir praktiske undervisningsmetoder - gjerne knytt til naturen - for å utvikle betre basisdugleikar hos elevane og sørge for at elevane blir meir motiverte. Begge regionen har mange av dei same utfordringane: vi treng å prestere betre i basisdugleikar, må auke motivasjonen for læring hos elevane og ikkje minst sørge for at elevne får auka sjølvtillit og mestringskjensle. Planen for samarbeidsprosjektet blir då å auke mestringskjensla hos elevane ved å utvikle nye og spanande metodar for "uteskule" mellom anna - og bruke arenaer utanom klasserommet for auka læring hos elevane.

I Comenius må det vere minst tre aktørar representert i kommunen:

- kommunen som skuleeigar

- Minst ein skule eller barnehage (I Vågå vil det vere prat om skule i dette samarbeidsprosjektet sidan det er skule i Tyskland)

- Minst ein annan institusjon som driv med opplæring.

I Vågå kan alt frå ein skule til alle skulane bli med i dette prosjektet. Vi må ta ein diskusjon på kven som ønskjer å vere med, og kven det passar best for, rektorane mellom. Det er viktig at den eller dei skulane som blir med på dette, er verkeleg gira på å få det til og sette av tid til internasjonalt arbeid. I tillegg må vi å finne ein institusjon som jobbar opp mot skulen i høve til natur og undervisningsopplegg knytt til miljø og natur. Tyskland har alle sine tre på plass allereie (som du kan sjå av vedlegget). I tillegg til skulen og skuleeigar, har dei med eit aktivitetssenter for ungdom som jobbar med opplegg i skulene knytt til natur, miljø og sosial trening. Det beste er om vi kan finne ein tilsvarande aktør å samarbeide med. Vi har ikkje funne denne enno, men det er fleire aktuelle kandidatar i Vågå og i regionen.

Søknadsfrist for å søke på midlar til Comenius regio, er 21.februar. Vi kjem då til å søke på støtte til utveksling og eventuelt midlar til andre tiltak. Det vil si at tilsette frå kommune, skular og representantar frå den tredje institusjonen, vil få moglegheit til å reise til Tyskland for å lære av kva dei gjer, ha work shops, utveksle idear og diskutere nye metodar. Dei frå Tyskland vil også kome hit på besøk for å lære av oss. Vi ønskjer også å knyte oss opp til høgskule eller universitet, som kan hjelpe oss i høve til nye metodar og undervisningsopplegg. Får vi innvilga søknaden, så vil vi få moglegheit til å reise og få alle kostnadar knytt til dette, dekt - i tillegg kan vi søke på inntil 25 000 Euro til forsking, seminar, publikasjonar og diverse andre ting. Vi kan få maks støtte på 24 mobilitetar. Ein mobilitet er reise for ein person ein gong. Det vil si at til dømes åtte personar frå Vågå kan reise over til Tyskland tre gonger i løpet av to år (eller seks personar fire gonger).

I fyrste omgang er Comenius regio samarbeid for tilsette - for å lære av kvarandre. I eit slikt prosjekt vil det likevel vere naturleg at også elevane kommuniserer. Det vil vere naturleg at elevane til dei tilsette som blir med på dette, kan kommunisere via å sende bilete til kvanadre, korte tekstar (avhengig av alder) både på engelsk, tysk og norsk, kan kommunisere elektronisk og også på andre måtar samarbeide. I tillegg går det seinare an å søke om å få pengar til skulepartnarskap, der også elevane får moglegheit til å reise på utveksling. Det er mange moglegheitar gjennom EU-systemet, og det gjeld berre å bli kjende med dei.

På bilete over ser du "det norske bordet" med smakebitar frå Noreg. G35 er sjølvsagt på bordet!