mandag 30. august 2010

Har du ei god historie du ønskjer å dele?

Det skjer allereie mykje bra i skule og barnehage her i Vågå. Det er difor viktig at vi får formidla dei gode historiene, og lærer av kvarandre. På ungdomsskulen jobber dei no med foto og lokalsamfunn i kunst og handverken. På Tessand oppvekstsenter, har dei smaksprosjekt. I Sjårdalen jobba dei i vår med eit "høneprosjekt" (altså, dei hadde levande høner dei brukte i undervisninga). På Lalm er dei gode på uteskule. Og på Vågåmo skule, engasjerte elevane førre skuleår seg i ein "Haiti-aksjon". Og vi har personalet i Søre Grindstugu som dramatiserer eventyr for ungar og foreldre.

Har de døme på gode historier frå skule eller barnehage i Vågå då ungane lærte mykje og det verkeleg var engasjement? Kanskje det er gjort noko som andre burde lære om? Del di historie her, eller send ein mail til oss som jobbar med prosjektet, og vi kan dele han med andre på heimeside og på bloggen her.

torsdag 26. august 2010

Korleis rekruttere lærarar til Vågå?

3000 lærarar forsvann ut av skulesystemet i fjor, medan berre 2700 kom inn. Tal frå SSB viser at vi kan mangle opptil 18 000 lærarar i Noreg i 2020. Dette skjer fordi vi har fleire som går av med pensjon enn dei som utdannar seg til lærarar.

Dette vil gjere at det blir kamp mellom kommunane og skulane om dei beste pedagogane. Allereie no slit kommunar i distrikta med å tiltrekke seg kompetent arbeidskraft. Skal vi klare å få til ein betre skule i Vågå, så er vi nøydd om å lykkast med å rekruttere gode lærarar. Vi må få folk i kommunen vår til å utdanne seg til yrket og at dei kjem attende, og vi må tiltrekke oss kompetanse utanfrå.

Korleis skal Vågå klare å vinne kampen om dei beste lærararkreftane i åra framover? Høgare løn? Betre arbeidshøve (og korleis?)? Rekruttere studentar under utdanning? Betalt utdanning til folk? Gode innspel blir take i mot med takk!

mandag 23. august 2010

Internasjonalt samarbeid?

Skulane i Vågå har per dags dato ikkje noko samarbeid med utdanningsinstitusjonar i andre land. Fleire skular og barnehager i Noreg og i verda har både utveksling av elevar og lærarar, kompetanseutveksling og fagleg samarbeid. Dette kan vere nyttig både for skuleleiarar, lærarar og elevar, som får ein heilt kjennskap til andre land enn dei gjer gjennom undervisninga i klasserom.

Ikkje minst er det viktig at vi opner opp auga for reisten av verda her i Vågå, og at vi skjønner at vi er ein del av verda, men også kan påverka verda rundt oss.

Burde vi i skulane i Vågå ha samarbeid med andre land? Kva for land bør vi samarbeide med, og på kva for måte? Og kvifor er slikt samarbeid viktig?

tirsdag 17. august 2010

Nytt skuleår i gang

I dag startar nok eit skuleår i Vågå. Nye seksåringar startar i skulen, og har truleg store forventingar til skulegangen og alt dei skal lære. Det er viktig at vi gjer ein så god jobb i skulen at dei elevane som startar no klarar å halde på motivasjonen, og at dei trivst i skulen. Dessverre ser vi at motivasjon for skulearbeid dalar med alderen, og det er ei utfordring vi må ta alvorlig.

Kva må vi gjere for at elevane skal vere motivert for skulearbeid?
Kva er det viktigaste Vågå kommune bør gjere neste skuleår for å auke trivsel for elevane og betre læringsmiljøet i skulane?

mandag 16. august 2010

Musikk på timeplanen

For å styrke arbeidet med musikk i skulen i Vågå, så inviterer Vågå kommune alle musikktilsette i heile Norddalsregionen til to kursdagar i musikk 14. og 15.september.
Dei tilsette vil der mellom anna skal lære korleis vi skal innfri kompetansekrava i faget. Kurset vil vere differensiert etter nivå og erfaring. Dag 1 vil vere for dei med liten eller ingen kompetanse (Nivå 1), og dag to vil vere for dei med meir kompetanse og erfaring i faget (Nivå 2).

Innhald i kurset vil vere:
· Gode tips og enkle metodar for et spanande og morosamt musikkfag
· Komponering og improvisasjon med hovudvekt på rytmikk og kroppen sine instrument
· Improvisasjon med stemme og bevegelse
· Lage eigne tekstar og melodiar
· Ulike tilnærmingsmåtar i lyttearbeidet
· Idear til bruk av enkle lydkjelder og kombinasjon av dans, bevegelse og song

Kurshaldar er Kjersti Østnes Eggum, og ho arbeidar som musikkpedagogisk konsulent i Musikk i Skolen. Ho har erfaring som mangeårig musikkpedagog på ungdoms- og barnetrinnet. Ho er også medforfattar i inspirasjonsheftet til læremiddelpakken om Henrik Wergeland, og har lang erfaring som kurshaldar. Det er organisasjonen Musikk i skolen som er arrangør, og du kan lese meir om dei på : http://www.musikkiskolen.no/

tirsdag 10. august 2010

Jon Roar Bjørkvold til Vågå!

Professor i musikkvitskap og forfattar Jon Roar Bjørkvold kjem til Vågå 16. og 17.september for å møte foreldre, lærarar og andre interesserte. Han skal også gje gode råd i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet vårt.

På kvelden 16.september blir det ope møte i kulturhuset. Vi kan love ein kveld med mykje musikk, kloke ord og innspel til korleis vi kan stimulere alle sansane til ungane våre. Denne kvelden vil vere relevant for både lærarar, tilsette i barnehage og skule, foreldre og elles alle innbyggjarane i Vågå.

17.september vil Jon Roar møte alle dei fire undergruppene i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet, samt prosjektgruppa.

mandag 2. august 2010

Norm for lærartettleik?

I dag kan vi høyre bekymringsfulle rapportar om at bruk av assistentar i skulen aukar på bekostning av lærarar. Utdanningsforbundet trur årsaken til dette er økonomi, og vil krevje ein nasjonal norm for lærartettleik.

Tal frå Grunnskolenes Informasjonssystem (GSI) viser at bruk av assistentar på 1–10 trinn har auka med nesten 40 prosent sidan 2005. I same periode har talet på årsverk for undervisningspersonale gått ned.

Det som kanskje er mest bekymringsfullt med desse tala, er at tilsette med formell utdanning blir erstatta av tilsette utan formell utdanning. Ofte blir også assistentane set til å ta seg av spesialundervisning, noko dei ikkje har formell kompetanse innanfor.

Kva meiner du? Bør vi ha minstestandard for lærartettleik? Er dette eit problem også i Vågå? Eller er det kanskje andre ting som er viktigare å få ordna opp i?