mandag 2. juli 2012

Denne bloggen er historie

Denne bloggen kjem ikkje til å bli oppdatert meir. Dette fordi skuleprosjektet i Vågå går over i ei ny fase, der det ikkje vil vere tilsett prosjektleiar lenger.

Vil du følgje utviklinga i Vågå-prosjektet kan du gå inn på heimesidene til Vågå kommune www.vaga.kommune.no og www.vaga.kommune.no/besteskule.

Bloggen kjem til å eksistere som eit arkiv om alt som har skjedd i skuleprosjektet i 2010-2012.

God sommar!

fredag 15. juni 2012

Spor i stein

Lalm skule har torsdag og fredag synt fram sitt vandrespel "Spor i stein" til elevane frå 1-7.klasse. Her kan du sjå bileteserie og lese om spelet.

Liv og røre på marknadsplassen
Vi vart møtt av guidar på Lalm skule, og heile gjengen vart så guida opp til marknadsplassen der det var liv og røre. Under kan du sjå nokre bilete frå marknadsplassen. Her var det både smiing, kvernsteinhogging, leik, reinskjøt, dyr, karding, spinning og andre aktivitetar.



Tøffe typer
Her blir ein skurk leia til gapestokken

I gapestokken
Elevar frå Vågåmo skule får prøve kvernstein

Ferden inn mot Kvennberget starta

Gruppa på 110 elevar vart så delt inn i tre grupper, som saman skulle bli leia inn mot det største området i Kvennberget; det vil seie det området der det største uttaket av kvennstein har vore. Her kan du sjå bilete av denne ferden.

Guidar leia oss dyktig innover i kvennberget



Dramatisering av historia om Tolstadslekta og dei som eigde kvennberget. Vi fekk vite at kvar fjerde kvennstein som vart hugge ut måtte gå til grunneigar. Kvar tiande til kyrkja. 


På vegen innover kunne vi både sjå og høyre "dyr" som gøymde seg mange stader.

Musikk frå eit mystisk vesen langs vegen
Frå dramatiseringa av historia om Ola Kvennhogger. Han likte sprit, tobakk og damer. Reiste frå Lalm til Nord-Noreg for å hogge meir kvennstein.
 Farleg krigar
Musikk møtte oss heile vegen

Ølservering til publikum når dei nærma seg det store kvennsteinbrotet.


Den store finala var inne i det flotte området der den største kvennsteinutvinninga har vore. Her fekk vi mellom anna gjennom rytmer og hogging høyre på den fantastiske akustikken i området.

Takk til alle involverte

På framsyninga fredag hadde vi fått besøk av Torbjørn Løland. Han er kvernsteinmotor i ein annan kvernsteinkommune, nemlig Hyllestad. Torbjørn og Hyllestad har vore til stor inspirasjon for gjengen frå Lalm, som har jobba fram dette vandrespelet. Torbjørn hadde nesten tårer i augo då han fekk sjå framsyninga til Lalmselevane.

Framsyninga har vore mogleg på grunn av støtte frå kriblemidlane til Oppland fylkeskommune. Til vandrespelet har personalet på Lalm mellom anna fått historisk hjelp av Terje Kleiven og hjelp av teaterkunstnar Endre Skjåk til å sy saman vandrespelet.

Tusen takk til heile gjengen på Lalm for ei flott framsyning. Dette er arbeid vi håper det blir bygd vidare på i mange år framover.

torsdag 14. juni 2012

Skal tagge Vågåmo ned med strikking

Ser du at Vågåmo ser annleis ut? I dag har ein gjeng med strikketaggarar tagga Vågåmo ned med strikking.

Ei heil veke har ei gruppe elevar frå 7-10.klasse fått jobbe med utagerande handverk, eller strikketagging. Opplegget er i samarbeid med Husflidslaget. Gjengen har base i Ullinsvin og har vore der heile veka.


Elevane har sjølve fått bestemme ting dei skal dekorere i Vågå, og no kan vi begynne å sjå korleis dei tenkjer å dekorere Vågåmo. Noko blir også dekorert i morgon, men gjengen har i dag prega Vågåmo.



Enkelte ting måtte dei til og med ha lift for å få på plass. Alt for ein god sak! Eller god kunst!

onsdag 13. juni 2012

Kulturveka dag tre

Her kan du lese om og sjå bilete av det som skjedde på kulturvekas tredje dag.

Eventyrstund


1.klasse fekk vere med på eventyrstund leia av Nina Andby. Der vart dei kjende med både lokale og globale eventyr, og fekk også teikne eventyra. Ordføraren kom også innom oss og vart med på å teikne.


Musikk i naturen


3.klasse fekk vere med på musikk i naturen med Vegar Vårdal i dag.



Folkedans med Vågå spel- og dansarlag



Vågå spel- og dansarlag skal i dag og på fredag ha alle elevane frå 1-4.klasse gjennom ein sekvens med folkedans. Her ser du fyrsteklasse prøve seg på folkedans. Dei var også her heldige å få besøk av ordføraren.

Tromme/rytme


Populær verkstad med Paulo der elevane får prøve seg på trommer og med rytme.

Mat i naturen



Olav Tøfte har ansvar for denne verkstaden der elevane skal få prøve seg som kokkar i naturen. Her får 1.klasse lage pizza på bålpanne, og avsluttar dei heile med å poppe popcorn i Olavs oppfinning; "Bålpopparen".

Kulturmøtedag på ungdomsskulen

Halve elevgruppa på ungdomsskulen hadde i dag kulturmøtedag, der dei fekk prøve seg på kulturmøte i mat og kulturmøte i dans.


Dansarar frå dansekompaniet Frikar lærte elevane om både hallingdans og internasjonal dans.




I kulturmøte i mat fekk elevane lære om og smake på både lokal og global mat. Tor Ivar lærte elevane om byggryn og kjøttkaker, mens våre internasjonale kokkar Kabas og Sundus lærte elevane å lage vårrullar og ein sjokoladedessert.



Den herlege laftegjengen

Det er ikkje alle elevar som får gjere ulike ting kvar dag i kulturveka. Nokre får gjere det same ei heil veke gjennom. Ei gruppe på 23 gutar frå ungdomsskulen får prøve seg på lafting denne veka (den desidert mest populære verkstaden der det var heilt enorm interesse). Dei held til i laftehallen til Treshuseksperten, og her kan du sjå bilete frå korleis dei jobbar. Her er det mykje matematikk integrert i eit praktisk fag!



Instruktør er Jostein Espelund, og han gjer ein enormt god jobb med desse unge gutane. Vi kan høyre det er mykje humor i lag med hard jobbing borte i laftehallen.
Jostein poserer for fotografen (etter å ha gjeve henne kjeft for å ta feil bilete) til elevane si store glede.

Elevane (og lærarane) må bruke mykje tid på å observere handverket, men får også rikeleg med tid til å prøve sjølve. Dette er arbeid som krev stort tolmod.


Verkstaden i lafting har vore så populært at vi er nøydd om å finne måter for å vidareføre dette arbeidet på. Tusen takk til Gudbrandsdalsmusea som har sett i gang dette for oss. Stor takk til instruktørar, næringsliv som stiller opp og våre tilsette som er med.

(artikkelforfattar er forresten enormt imponert over den interesse elevane viser og kor flott det ser ut til at dei har det på denne verkstaden. Det er nok ikkje tvil om at dette for mange gjev mykje meir læring enn "vanleg skule".)

tirsdag 12. juni 2012

Kulturveka dag 2

På dag 2 i kulturveka skjedde mange av dei same aktivitetane som den fyrste dagen (men med andre elevar). Her kan du sjå nokre av bileta frå tysdagen i kulturveka.

 


Dans frå ulike kulturar

5-7.klasse lærer dans frå ulike land med lærar Lene Brimi

Song/tromme/rytme


Elevar frå 5-7.klasse kunne velje seg verkstad med Paolo frå kulturskulen


Rap/studioarbeid


Det har vore både verkstad med rap med Elling Borgersrud og studioarbeid med Kalle frå kulturskulen over to dagar. På slutten av dag 2 møttast dei to gruppene. Gruppa med studioarbeid sørgja då for at rapgruppa fekk spelt inn sine spor.



Gitarkurs


Torunn Elise Berg hadde gitarkurs for nybyrjarar med ei gruppe elevar frå ungdomsskulen



Kreativ skriving


Forfattar Ingelin Røssland hadde skrivekurs med ei gruppe elevar frå 5-7.klasse


Steinsliping

Steinslipargjengen på frivilligsentralen stiller opp for å halde steinsliparkurs for ein gjeng elevar frå 5-7.klasse


Monsterkunst


Lærar Elisabeth Henriksen hadde verkstad i leire med elevar frå 5-7.klasse. Dei fekk mellom anna lage monsterkunst.



Graffiti


Graffitikunstnar Christian Rølla har hatt verkstad i graffiti.


Musikkstund på Vågåheimen


Ungane i barnehagen hadde musikkstund på Vågåheimen. Musikkstunda var leia av musikk- og dramapedagog i Vågå, Eli Hårklau, som har hatt faste musikkstunder i dei kommunale barnehagane gjennom heile året.

 

Politikarane fekk vere med på kulturveka

Hovudutvalet for opplæring, kultur og omsorg (HOKO) var i dag på ein rundtur på ulike verkstader. Dei vitja mellom anna treskjering, monsterkunst, judo, graffiti, klatring og dans.

Treskjering med elevar frå handverksskulen på Hjerleid som instruktørar.
Leiar av hovudutvalet, Mette Vårdal i munter samtale med ein av elevane. Monsterkunst med Elisabeth Henriksen.
Vitjing på verkstad der elevane prøvde seg som graffitikunstnarar. Graffiti med Christian Rølla.

På besøk i klatreveggen. Klatring med Siv Aina og Jotunheimen fjellsportklubb.

Fotokurs


Både Vågå kameraklubb og Mathias Øvsteng har hatt fotokurs med elevar frå barneskulen og ungdomsskulen. Kursa har vore veldig populære.


Her frå kurset med Mathias Øvsteng der både elevar frå ungdomsskulen og vaksenopplæringen deltok. På dette kurset øvde spesielt elevane på portrett- og gruppefotografi.


Avis-gjengen

I saman med Avisa Norddalen skal ein gjeng elevar lage eit eige bilag om kulturveka til neste utgåve av Norddalen. Her ser du deler av avisgjengen som er innom redaksjonen. Elles kan du sjå journalistane overalt i heile Vågå.