mandag 7. mai 2012

Bli med 5. og 6.klasse på Lalm til Eventyrisen

Onsdag 25.april var 5. og 6.klasse frå Lalm skule på tur til Eventyrisen (Svellnosbreen). Her kan du sjå bilete og lese meir om turen.


Klart for avgang. Naudsynte beskjeder blir gjeve.


Elevane studerer kartet for å finne ut kor vi er hen og kor vi skal.

Skilt som viser at vi no går inn i nasjonalparken. 

Vi tek ein stopp for å prate om lav. Her om kartlav og kor lenge den har vore i Noreg og korleis vi kan sjå kor gamal han er.

(Alle foto ovanfor: Nataliya Holovan. Alle foto nedanfor: Frode Sandum)
Omsider kjem vi opp til breen, og her kan du sjå bilete frå den fantastiske vandringa på og i Eventyrisen.





Turen er ein del av undervisningsopplegget dei har utvikla på Lalm; Med reinen som læremeister. Akkurat denne turen var i samarbeid med "Klimapark 2469", ein viktig samarbeidspart for skulane i Vågå.

Denne turen vart arrangert under besøk frå Tyskland som ein del av eit Eu-prosjekt Vågå er med i. Målet er å utvikle uteskulemetodikk i lag.

fredag 4. mai 2012

På Norsk fjellmuseum for å lære om steinalderen

Tysdag i førre veke var 2.klassingane frå Vågåmo og Sjårdalen skule på Norsk fjellmuseum i Lom der dei fekk lære meir om steinalderen. Dette er eit tema dei har jobba mykje med, og vi kan faktisk seie elevane no er ekspertar på steinalderen. Sjå bilete og les om dagen her.

Nataliya frå Norsk fjellmuseum tek med elevane på vandring i utstillinga, og her får dei lære meir om dyr, om is og funn som er blitt gjort i isen.

Nataliya tek med ivrige elevar opp til Presthaugen for å fortsette aktivitetane der.


Elevane får kjenne på ei pil og ein pilespiss folk nytta i steinalderen.

Kva åt folk i steinalderen? Åt dei maur kanskje?


Så skal vi få lov til å skyte med pil og boge slik ekte jegarar i steinalderen gjorde.

Alle elevane får prøve seg som jegarar.

Så skal vi lage ild som dei gjorde i steinalderen. Vi prøver å gni hendene saman for å sjå og kjenne om vi klarar å utvikle varme.

Dag Inge viser elevane korleis steinalderfolk lagde ild

Lærar Olav Tøfte får også prøve seg. Men vi klarar ikkje lage ild.

Med ein boge går det mykje betre. Vi ser til og med røyk! Men å lage ild i steinalderen var hardt arbeid, og det var difor viktig å ta godt vare på ilden når dei fyrst hadde klart å lage han.

No har vi både jakta og laga ild. Då er det på tide å ete som steinaldermenneske gjorde.


Steinalderfolk måtte også ha noko å bære med seg ting i. Vi fekk difor lage ein ekte skinnpung.

Vi avslutta dagen med ein stafett der vi fekk lære meir om dyr som lever i skogen.

Tusen takk til Norsk fjellmuseum for ein fantastisk dag.

Denne dagen vart arrangert som ein del av eit EU-prosjekt Vågå har fått støtte til (Comneius regio). I prosjektet skal vi utvikle uteskulemetodikk i lag med Norsk fjellmuseum/Klimapark 2469. Denne veka hadde vi besøk av vår tyske partnerregion, som skulle få vere med på dei metodene vi driv med her i Noreg.