mandag 23. april 2012

Besøk frå Tyskland denne veka

Denne veka (23.april-26.april) får Vågå besøk frå Bad Tölz i Tyskland som ein del av Comenius-prosjektet vi er med i. I løpet av denne veka skal dei tyske gjestane mellom anna få vere med 2.klasse på Fjellmuseet og 5. og 6.klasse på Eventyrisen.


Målet med samarbeidet er å dele uteskulemetodikk og praktiske undervisningsmetodar knytt til klima, energi og miljø. Samarbeidet på norsk side er mellom Fjellmuseet i Lom/Klimapark 2469 og barneskulane i Vågå. Tilsvarande partar er med frå tysk side.

Steinalderdag på Fjellmuseet

Tysdag får våre tyske gjester vere med 2.klasse frå Vågåmo og Sjårdalen på Fjellmuseet i Lom der dei skal lære om steinalderen. Det er Nina Andby frå Vågåmo skule og Olav Tøfte frå Sjårdalen som i saman med fjellmuseet i Lom er ansvarleg for opplegget. Dette er ein del av ein gjennomgåande plan for tidsaldrar dei er i ferd med å utarbeide for 1-4.klasse.

Bretur på eventyrisen

Som ein del av undervisningsopplegget ”med reinen som læremeister” skal tyskarane få vere med 5. og 6.klasse på Lalm på bretur på eventyrisen. Det er Frode Sandum i samarbeid med Klimapark 2469 som står for opplegget. Her får gjestane våre moglegheit til å lære både om undervisningsopplegget og litt om det vi i Noreg ser på som friluftsliv i skulen.


Metodekort på Vågåmo skule

Samarbeidet mellom dei to regionane i kvart sitt land går mellom anna ut på at vi utvekslar det vi kallar metodekort, der vi skriv kort om metodane vi prøver ut, og skildrar med bilete og framgangsmåte.


Bilete er frå undervisningsopplegg i naturen i Bad Tölz.

Desse metodane skal vi diskutere i løpet av besøket, og på Vågåmo skule skal lærar Anders Nordnes mellom anna vise ei av metodane i praksis. I tillegg får tyskarane moglegheit til å få med seg ei morgonsamling, og få vere med i ei klasse for å sjå på ein heilt vanleg skuletime.

Du kan lese meir om samarbeidet på bloggen til prosjektet:

http://www.cometonatureandschool.blogspot.com/