onsdag 28. juli 2010

Vågå fjellstyre og skulen

Vågå fjellstyre forvaltar bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Det vil seie at ein stor del av Vågå kommune er statsallmenning (burde bli omlag 70 % etter mine reknekunnskaper).

Dei viktigaste oppgåvene for fjellstyret er å administrere bruken og utnyttinga av statsallmenningane til beste for dei med bruksrett og allmenta, på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene.

På grendemøta vi har hatt i kommunen, så er eitt av dei aller mest vanlege innspela vi har får, å bruke lokalsamfunnet meir, og at eit av dei største fortrinna våre er naturen vår, og jakt-, fangst- og fisketradisjonane våre. Tilsette meiner det er ein skam vi ikkje bruker naturen meir, når han ligg rett ved oss, men også her i Vågå så manglar vi peng til ekskursjonar og til buss.

I dag har Fjellstyret samarbeid med skulane om eit opplegg for 7.trinn der dei reiser på overnattingstur med fisking på hausten. Det er viktig at elevane lærer seg om naturen, og korleis dei kan bruke han. Og sidan det blir fiska for lite i Vågå, så er det viktig at elevane får oppleve gleden av å fiske (for dei fleste tykkjer det er veldig moro!).

Vågå fjellstyre ønskjer å medverke meir i forhold til skule og barnehage. Dei låner bort lavvo, garn, båtar og hytte til skular og barnehage. Dei ønskjer også å medverke meir, men her er det også skuleverk og innbyggjarar som må kome med innspel til kva Fjellstyre kan medverke i forhold til. Kva er viktig at elevane lærer om? Korleis kan vi samarbeide med Fjellstyret? Og kva bør elevane lære om dei 900 km² som Fjellstyret forvaltar?

mandag 26. juli 2010

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa støtter forprosjektet


Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa støttar forprosjektet i Vågå med 40 000 kroner, og vil i tillegg vere rådgjevande samarbeidspart i prosjektet. Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa vart oppretta 1.januar 2007, og har mellom anna som oppgåve å hjelpe skuleeigar i arbeidet med estetiske fag i skulen.

Pengane vil bli brukt til arbeid med estetiske fag i skule og barnehage i løpet av neste skuleår. Det er ikkje endeleleg bestemt kva pengane skal brukast til, men alle opplæringsinstitusjonane i Vågå vil få nytte av støtte. I tillegg håper vi å invitere alle innbyggjarane i Vågå til anten i utstilling eller forestilling, slik at satsinga kjem heile samfunnet vårt til gode.

torsdag 15. juli 2010

Kulturskulen sin plass i opplæringa

I løpet av dette året, så skal vi legge fram forslag til korleis kulturskulen skal organiserast og kva for plass kulturskulen skal ha i forhold til skule og barnehage. Rett før sommaren vart det nettopp vedteke ein kulturskuleplan som er ambisiøs, og der ein set seg som mål at kulturskulen skal ha ein viktigare plass både i forhold til skule og samfunn elles.

Kulturskulen skal gi tilbod innanfor musikk, dans, teater og visuelle kunstfag. Det skal skulen også gjere. Men i kulturskulen er det ofte tilsett profesjonelle utøvarar, og ein har moglegheit til å gå meir i djubden. Undervisninga er friviljug, etter skuletid og det er eigenbetaling. Likevel er det mange som er elevar i kulturskulen her i Vågå.

Likevel ønskjer ein at fleire skal gå i kulturskulen, det er eit ønskje om redusert foreldrebetaling, ein ønskjer eit breiare tilbod og det er vanskeleg å rekruttere tilsette når dei ikkje får tilbod om heile stillingar og må jobbe på kveldstid.

Gruppa som jobber med estetiske fag skal sjå på korleis vi skal organisere kulturskuletilbodet framover, og korleis vi kan bruke kompetansen til kulturskule inn i barnehage og skule. Kva meiner du? Bør vi gje kulturskuletilbodet på dagtid og i skuletida? Bør vi gje nokre tilbod til alle elevane som er gratis? Korleis bruke dei tilsette i kulturskulen i skulen? Kva for tilbod bør kulturskulen gje?

mandag 12. juli 2010

Forbrukersamfunn og miljøengasjement

Noko av det viktigaste vi kan lære opp elevane våre til, er å ta ansvar for jordkloda dei lev på, slik at ho blir vidareført til dei neste generasjonanen slik vi sjølv skulle ønskje ho ville sett ut når vi overtok ho. Bærekraftig utvikling er eit omgrep brukt av ein tidlegare statsminister, og er noko vi ikkje må gløyme. Det er diverre mange signal som tyder på at utviklinga på jorda er alt anna enn bærekraftig.

Det har mellom anna i sommar vore skremmande rapporter på ungdom på festival som let utstyret ligge att fordi det koster så lite, att dei ikkje gidd ta det med seg, forsøplinga på sommarstid er enorm (tenk berre på eingangsgrillane som ligg att overalt) og vi tek i liten grad ansvar for dei miljøødeleggingane vi står for sjølv. Kanskje mykje fordi vi korkje ser konsekvensane for eigen lommebok og for eiget liv?

Korleis skal vi lære opp elevane til å bli miljøangasjerte, og til å ta ansvar for naturen, for jorda og for alle menneskene som bur her?

torsdag 8. juli 2010

Ein time fysisk aktivitet i skulen?

Undergruppa som jobber med matkultur og fysisk aktivitet skal sjå på moglegheiten til å få til ein times fysisk aktivitet kvar dag i skulen. Får vi det til, så vil vi vere tidleg ute og bli modell for andre, sidan det er få andre som har klart å få det til (einaste kjente unntak er Trudvang skule i Sogndal).

Grunngjevinga er sjølvsagt at norske ungar beveger seg for lite, og at fedme og livsstilssjukdommer auker. Det er også anbefalt at vi er aktive minst 60 minutt kvar dag.

Bør vi jobbe for ein times fysisk aktivitet kvar dag i skulen i Vågå, eller skal dette være eit privat ansvar? Viss vi skal jobbe for det, korleis skal vi få det til? Ta tid av andre fag eller skal vi utvide skuledagen?

mandag 5. juli 2010

Skulemåltid i Vågå?

Undergruppa for matkultur og fysisk aktivitet har fått i oppgåve å sjå på om vi skal innføre frukost og/eller lunsj i skulen i Vågå. Dette er eit tema det er mange meiningar om, og det er mange måter dette kan organiserast på. Noko det ikkje er tvil om, er at skular der dei har innført skulemåltid, der er både elevar og foreldre nøgd, og eit fleirtal av foreldre i Noreg er positiv til skulemåltid.

Det er eit mål at ein skal prøve dette i Vågå, men kva for ordning skal vi gå for? Brødmåltid der elevane smør maten sin sjølv? bestilt matpakke som elevane får utdelt saman med frukt og grønt og drikke? Eller skal vi slå til med eit varmmatmåltid?

Og viktigare..korleis skal vi bruke våre lokale fortrinn i forhold til dette? I Italia har dei økologisk skulemat basert på det lokale landbruket. Er det noko vi kan få til her i Vågå, og korleis skal vi i så fall få til det utan at det blir altfor dyrt?

torsdag 1. juli 2010

Er svømmeundervisninga i Vågå god nok?

Svømmeundervisninga er på nytt komen på dagsorden, etter ei tragisk drukningsulykke. Norges svømmeforbund meiner norske styresmakter har svikta totalt, og at det må løyvast meir peng til svømmeopplæring.

I følge samme sak i Nettavisen er det berre halvparten av tiåringane i Noreg som kan symje, og at sentrale og lokale politikarar har svikta i forhold til dette.

Står det like ille til i Vågå, og kva kan vi i så fall gjere for at alle elevane våre skal lære seg å symje?

Vi vil gjerne ha tips og idear i forhold til dette. For det er ingen tvil om at det er viktig at alle elevar lærer seg å symje, slik at vi kan hindre tapte menneskeliv. Det har vi ikkje råd til.