onsdag 24. august 2011

Nye kulturmidlar til Vågå!

Vågå kommune har fått tildelt 550 000 nye kroner frå Utdanningsdirektoratet til skuleprosjektet vårt for å utvikle tilbod innanfor foto, musikk og smak.

I førre runde søkte vi og fekk tildelt 900 000 kroner til å utvikle breiare kulturtilbod for alle ungar innanfor musikk, foto og smak/mat. Denne veka fekk vi nye 550 000 kroner til å utvide og vidareføre satsinga vår.

Det er innanfor denne potten Vågå kommune har tilsett musikkpedagog og vi skal dette skuleåret i gang med smaksprosjekt i barnehagane og fotoprosjekt i ungdomsskulen. For desse pengane skal vi også i veke 24 neste år arrangere ei kulturveke der vi skal involvere alle ungar og elevar og heile lokalsamfunnet.

Midlane kjem frå potten på 40 millionar kroner som Utdanningsdirektoratet har til utvikling av kulturskuletilbod og kulturtilbod. Det kom inn 352 søknader, og av desse har 210 fått løyvd støtte. Vågå kommune er altså av dei heldige som har fått pengar.

mandag 22. august 2011

Fyrste skuledag

I dag var det fyrste skuledag for skuleåret 2011/2012 i Vågå kommune. På Lalm, i Sjårdalen og på Vågåmo skule var det ein gjeng spente fyrsteklassingar som hadde sin fyrste skuledag nokonsinne.

På Vågåmo skule kunne rektor Torgeir Sæteren og dei to kontaktlærarane for 1.klasse, Anne Sjetne og Anne Lene Stormyrengen, ønskje 22 spente elevar velkomne. Også for kontaktlærarane var det fyrste skuledag på Vågåmo skule, sidan dei begge to tidlegare har vore tilsette ved Tessand oppvekstsenter (der skulen no er lagt ned).

Det var ein gjeng med glade, stolte og nysgjerrige elevar (og foreldre!) med glød i augo som møtte opp utanfor Vågåmo skule i dag tidleg klokka åtte. Dei "store elevane" gjekk klasse for klasse inn saman med lærarane sine, og tilslutt var det berre debutantane att. Dei vart ropt opp ein og ein for å helse på rektor.


Så var det tid for klassebilete for fotografen frå Norddalen som hadde dukka opp.

Etter fotografering fekk alle kome inn i klasserommet sitt. Der fann dei fort plassane sine, og fekk utdelt både meldemappe og lilla-bok til å skrive i. Så var det tid for lesing og litt song, der også foreldra måtte vere med på "Hode, skulder, kne og tå".

Etter kvart vart elevane henta av sine fadrar i 7.klasse, slik at lærarane kunne få prate med foreldra om "vaksenting".

Dagen vart avslutta med å ete matpakka si, før elevane kunne gå heim med både beskjedar til foreldre og lekse i sekken.

Vågå kommune ønskjer alle 1.klassingar ved både Lalm, Sjårdalen og Vågåmo til lykke med skulegangen.

tirsdag 16. august 2011

Musikkpedagogen vår er på plass

Eli Hårklau, som skal jobbe med å styke det musiske i skule og barnehage i Vågå, begynte i jobben sin 15.august. No skal ho bruke dei neste dagane til å bli kjend med skulane og barnehagane våre. Og snart kan du forhåpentligvis høyre musikken, songen og gleden strøyme ut av alle våre barnehagar og skular.

Eli er tilsett i ei prosjektstilling på eitt år, som eit resultat av at Vågå fekk løyd midlar frå Utdanningsdirektoratet til ei satsing på kultur i skule og barnehagane.

Ho er no i gang med å planlegge musikkstundar i barnehagane, korleis dra inn musikk som metode i andre fag og type prosjekt som kan setjast i gang i skular og barnehagar. Dei neste dagane vil ho møte alle tilsette i skule og barnehage, som vil gje ho ytterlegare innspel på kva dei ønskjer ho skal fylle stillinga med.

Har du innspel til Eli, kan du nå ho på e-postadresse eli.harklau@vaga.kommune.no. Ho har kontor på Kommunehuset, men kjem til å bruke mykje av tida si ute i skule og barnehagar.