torsdag 28. oktober 2010

Morten Krogvold vil inspirere oss!

Vågå kommune ønskjer å utvikle Vågå som fotobygd, og ønskjer å sette i gang eit systematisk arbeid rundt foto- og biletebruk i skule. Vi ønskjer å auke forståinga blant elevane for bilete, og øve dei opp til å bli dyktige fotografar.

Vi er heldige i Vågå å ha Morten Krogvold som vågåven. Han kjem for å møte tilsette i skule og barnehage torsdag 11.november klokka 18. Det skjer i Vågå kulturhus, og temaet er fotografiet - oppbygging og korleis ta gode bilete. Alle er velkomne sjølvsagt - også dei som ikkje er tilsett i skule og barnehage.

mandag 25. oktober 2010

Spanande møte i Oslo (og vi ønskjer fleire innspel frå dykk)

Ordførar og prosjektleiar har i kveld hatt møte med eksterne samarbeidspartar i prosjektet vårt. Både professorar, kulturskulefolk, musikkfolk, idrettsfolk, skulefolk, kommunefolk og berre folk var representert. Vågå meiner det er viktig å få innspel frå folk utanfor kommunen, som kan sjå ting annleis enn det vi gjer. Ikkje minst er det viktig å få innspel frå folk som ikkje jobber med prosjektet til dagleg, og som kan kome med kritiske innspel og tips til forbetringar.

Oppfordringen frå dei frammøtte var at vi må finne ein innpakning som verkeleg får fram kva Vågå er gode på, og kva som er unikt for Vågå. Vi må vere meir ambisiøse, tenkje meir kreativt og ha eit enno meir "hårete mål". Dei tykkjer undergruppene har lagt fram mykje spanande, men ønskjer vi skal vere enno meir offensive. Og kanskje burde vi samle ein gjeng som ikkje er vagværer for å ha ei idémyldring på kva det er som er spesielt med Vågå. Kva er det med Vågå som gjer at folk vil flytte dit? Det er det kanskje lettare for folk utanfor kommunen å sjå.

Har du innspel til crazy oppsiktsvekkande ting som Vågå kan satse på i skulen? Noko som er så spesielt, som ingen andre gjer, og som bygger på lokale fortrinn? Og kva er våre lokale fortrinn?

Vi vil meir enn gjerne ha innspel!!

fredag 22. oktober 2010

Kom med innspel no!

Prosjektleiar og prosjektgruppa er no i gang med å lage ferdig forprosjektrapporen, der det skal stå kva vi ønskjer å fylle skule og barnehage med i Vågå dei neste åra. Og ikkje minst korleis vi skal få dette til å bli samfunnsutvikling, og ikkje berre skuleutvikling.

Rapporten skal baserast på dei fire rapportane for undergruppene. Har du innspel til innhald i fullstendig rapport. Kom med innspela no! Om ein månad kan det vere for seint.

mandag 18. oktober 2010

Velkomen til ny kommunalsjef for oppvekst og kultur

I dag har Jan Egil Fossmo sin fyrste dag på jobb i Vågå kommune. Han skal overta som kommunalsjef for oppvekst og kultur etter Kjell Nyhus.

Det er berre å ønskje Jan Egil Fossmo velkomen som ny sjef for sektoren i Vågå, og håper alle tek godt i mot han. Eg trur alle ser fram til å samarbeide med han om å lage Noregs beste skule i Vågå!

mandag 11. oktober 2010

Skulen øydelegg kreativiteten hos ungane

Høyr og sjå Ken Robinson sitt fantastiske foredrag om kva som feila innanfor skulesystema i verda. Verkeleg tankevekkande!

Undergruppene har lagt fram sine rapportar!

Dei fire undergruppene som har jobba med dei fire satsingsområda i skule- og utviklingsprosjektet i Vågå, har no lagt fram sine rapportar. Sidan april har dei breitt samansette gruppene jobba på spreng med å svare på mandatet dei har fått av prosjektgruppa.

Undergruppene har mange spenstige forslag om kva som bør vere innhaldet i barnehage og skule innanfor dei fire satsingsområda estetiske fag, IKT, matkultur og fysisk aktivitet og ”Det globale i det lokale”. På bilete ser du alle leiarane av undergruppene saman med Jon Roar Bjørkvold.

Undergruppa som har jobba med estetiske fag har vore leia av Elisabeth Holshagen. Dei ønskjer ei sterkare satsing på estetiske fag i skule og barnehage i Vågå, og meiner at vi gjennom arbeidet med estetiske fag må sørgje for at elevane får betre kjennskap til både kunst og kultur i Vågå og i resten av verda. Målet med arbeidet er å styrke alle sansane til elevane, og bygge heilskaplege menneske.

Undergruppa for matkultur og fysisk aktivitet har vore leia av Hans Olav Øvre. Undergruppa meiner vi har alle moglege føresetnader for å bli landsledande når det gjeld fysisk aktivitet og matkultur. Undergruppa set seg som mål at Vågå skal bli best på fysisk aktivitet, matkultur og smak i skule og barnehage innan 2020.

Undergruppa for IKT har vore leia av Ole Damstuen. Gruppa går inn for at Vågå kommune styrker satsinga på IKT ved å oppgradere utstyret, og styrke den pedagogiske bruken av digitale verktøy i skule og barnehage. Undergruppa meiner det trengst eit krafttak både når det gjeld kompetanse og utstyr for å nå målsettingane i læreplanverket.

Undergruppa for ”Det globale i det lokale” har vore leia av Helen Øygarden. Denne gruppa har jobba med internasjonale perspektiv og miljø og klima, og ønskjer å satse på fleire kulturmøte i Vågå. Undergruppa meiner vi har alle moglegheiter i Vågå for å bli betre på arbeidet i skule og barnehage i møte mellom det globale og det lokale.

Du kan finne meir informasjon frå undergruppene ved å gå inn på heimesidene våre: www.vaga.kommune.no/besteskule. Ønskjer du fullstendige rapportar, kan du sende ein e-post til prosjektleiar: hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no.

Desse fire rapportane skal no danne utgangspunkt for sluttrapporten, som skal vere ferdig innan 1.desember. Denne skal behandlast av prosjektgruppa i forprosjektet, og til slutt i Kommunestyret.

fredag 8. oktober 2010

Ei spanande neste veke!

På måndag skjer det store ting i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet vårt. Då blir dei fire rapportane frå dei fire undergruppene som har jobba hektisk sidan april, lansert. Vi har hatt fire undergrupper som har jobba:

1. Estetiske fag
2. Matkultur og fysisk aktivitet
3. IKT
4. "Det globale i det lokale"

Alle fire undergruppene, som har vore sett saman av lærarar, foreldre, elevar, næringsliv, frivillige lag og politikarar, har hatt nokre hektiske månader. No skal arbeidet deira bli presentert for heile Vågå.
På torsdag skal det vere felles møte mellom leiarane (som du ser på bilete over) av dei fire undergruppene og prosjektgruppa. Prosjektgruppa har ansvar for å sy saman rapportane til eit heilskapleg produkt, og ein prosjektrapport, som skal vere ferdig i desember.

Følg med på måndag. Klokka ni blir rapportane lansert!

onsdag 6. oktober 2010

Skulptur avduka i Vågå

Førre torsdag, vart skulpturen av Dan Brown avduka ved Lemonsjø. Skulpturen er den fyrste i prosjektet "Kunst i sentrum", som Sparebankstiftelsen DNB Nor og Lillehammer kunstmuseum tok intitiativ til.
Prosjektet skal auke bevisstheita og kunnskapen om kunst, og gjere kunsten tilgjengelege for folk i kommunar som Vågå. Skulpturen vart avduka av Rune Øygard, som også nemnte på skule- og samfunnsutviklingsprosjektet under seansen.
Flott bidrag til Vågå kommune, som vil vere til nytte for både store og små.


Ei språkreise mot vest

Ja no har alle undergruppene levert endelege rapportar. Rapportane blir offentleggjort på måndag, og det blir veldig spanande. Det er fire spente undergrupper som er klare for å levere det produktet dei har jobba hardt med dei siste vekene. Følg med!


Elles denne veka, har prosjektleiar og oppvekstsjef mellom anna vore ein snartur til Vestlandet (primært for møte med fagmiljø som er sterke på det vi ønskjer å bli gode på i Vågå). Der fekk vi mellom anna besøkt Ivar Aasen-tunet i Ørsta kommune. Nynorsken er viktig for Vågå, og noko vi ønskjer å satse på i skule og barnehage. Vågå er ei stolt nynorskkommune, som også har lange tradisjonar innanfor ordkunst (til dømes Ivar Kleiven). På Ivar Aasen-tunet fann vi jammen ikkje vår mest kjende vagver også:
Og ikkje berre har vi ein prosjektleiar som har måtte lære seg å skrive nynorsk etter ho kom til Vågå. Ho er også i ferd med å lære seg å ta bilete, for å passe inn i fotobygda Vågå. Eit meget vellukka bilete av "Dølen" - utstilt på Ivar Aasen-tunet.

fredag 1. oktober 2010

Pesten herjar Jutulheimen

Tekst og foto: Torunn Elise Kveen

They did it again! Elevar og vaksne frå kulturskule og skule gav oss eit fyrverkeri av fargar og energi, i beste «vågåstil».
Middelaldersstemning
Middelalderen slo over oss alt i det vi passerte porten i Jutulheimen. Eit mylder av pestprega andlet, fartsfylte gjøglarar, bønder, musikarar og mengder av energi og fargar møtte oss. Eit middelaldertema drønna i presteberget frå horn i stabbur og ved hushjørne, og losa oss ned til scene og amfi nedom tunet. Husa og tunet forsterka kjensla, likeeins det sure og haustkledde veret. Sjå fargane! Høyr musikken! Kjenn på stemninga! Ein kunne til og med, om ein kjente riktig godt etter, kjenne lukta av middelalder, med gjørmet leire, smedrøyk og torgmylder.
Samarbeid ber frukt
For tre-fire år sidan hadde kulturskulen ei framsyning i Jutulheimen farga av gamledagar, segn og eventyr. Denne inspirerte kulturskulerektor Anita Moe til vidareutvikling av ei middelalderførestilling. Ho søkte, og fekk midlar frå Norsk kulturskuleråd til å sette opp ei førestilling saman med profesjonelle skodespelarar. Tida var nå endeleg komen, mange førebuingar, idédugnadar og skisser var gjort, tankar var tenkt og mange øvingstimar med dans og spel i kulturskulen var unnagjort. Den profesjonelle teatergruppa ”Turnekompaniet” frå Hamar var på plass, heile kulturskulen, 7. steg ved Vågåmo skule, samt 9. steg ved Vågå ungdomsskule. I tre dagar til ende, med generalprøve og førestilling fjerde dagen, har om lag 200 ungar og vaksne arbeidd flittig i gode øvingsprosessar, og i kostyme- og rekvisittverkstadar. Stort spenn
-Oj, så flott. -Oj, sjå der! Ei spektakulær førestilling fekk vi. Her var sterke fargar, stemningar og inntrykk. Vi fekk opplevingar med spennvidde frå dramatikk og dristige stunt med eld og knivar, via dyktige gjøglarar med vågale pyramidar, til sjarmerande skramleorkester. Martin Steinum Brun og Mari Hårstad tok oss på senga som songsolistar, tett på publikum, nakent flott. Ein høgtideleg prosesjon av dokker i gilde farger kom ned frå tunet, bønder og pest kjempa ein dramatisk kamp, dristige turnarar, og elegante dansarar imponerte publikum. Alle i gjennomførte middelalderkostyme, noko eigenprodusert og noko innleigd frå Jørundgard. Det heile var spenstig og storslått koreografert. Høgdepunktet frå Turnekompaniet var utvilsamt Trond som sjonglerte med knivar, slukte flammar og fekk elevar til å hoppe gjennom brennande ringar. Andre del av førestillinga gjekk føre seg mellom husa på tunet, med dans, fleire musikkinnslag og gjøglemylder. Det heile var bunde saman av eit musikalsk middelaldertema som gjekk att som ein raud tråd, frå trombone, baryton, trekkspel, fiolinar, fløyter og rockeband -attkjennande og stemningsberande.
Felles innsats
Førestillinga viste oss at vi har mykje og mange å gle oss over, og mange det skal bli spennande å fylgje framover. Her glitra det i mange auger og lyste av opne andlet som har hatt det fantastisk moro desse dagane. Det er slett ikkje kvardagskost for ungar å få leike seg med open eld mellom hus som er fleire hundre år gamle, langt mindre få oppleve at folk set flammane til livs.

Tekst publisert i Norddalen torsdag 30.september