torsdag 16. februar 2012

Solfest i Sjårdalen

Torsdag 16.februar vart det arrangert solfest i Sjårdalen. Og jammen dukka ikkje sola opp undervegs i festen også!

Alle ungane syng songar om sola.

Dans frå Dunderly ved ungane i barnehagen.

Norrøn mytologi Odin ønskjer å bli vis, og vil difor drikke frå brønnen til Mime. For å få lov til det må han byte bort auga sitt.

Så kom vi til høgdepunktet; dramatiseringa av Trymskvida.
Trymskvida går i korte trekk ut på at jotnen Trym stjel hammaren frå guden Tor. For å få attende hammaren krev Trym å gifte seg med Frøya.

Frøya vil slett ikkje gifte seg med Trym. Dei blir difor einige om at Tor skal kle seg ut som Frøya, og at dei skal lure Trym.

Det ender med at Tor drep Trym og får attende hammaren sin.

Tusen takk til Sjårdalen oppvekstsenter for flott underhaldning frå ungane og elevane, og takk til alle som hadde møtt opp for å sjå på. Dette var absolutt ei oppleving verdt å få med seg!

Til Madagskar for å finne kakao

Det er sjokolade som står på menyen i smaksprosjektet om dagen. Ungane i alle dei kommunale barnehagane lærer mykje om sjokolade; korleis han smakar og kor han kjem fram.

I dag skulle ungane i Søre Grindstugu barnehage lage to typer med sjokolademjølk; ein med kakaopulver og ein med sjokolade i. Og kor må ein reise for å finne ingredienser? Jo; til Madagaskar!

Ro, ro, ro din båt - heilt til Madagaskar!

Sjokolade er henta frå Madagaskar og vi kan lage sjokoladedrikk.


Spanande å smake på ulike typer sjokolademjølk, og ikkje minst å lære kvar sjokolada i butikken eigentleg kjem frå!

onsdag 15. februar 2012

Regnmakardag for 5-7.klasse

13. og 14.februar hadde Vågåmo og Lalm skule besøk frå Regnmakarane og Klimapark 2469 som hadde sett saman eit kjempeopplegg for oss. Vi lærte kva ein Regnmakar er og vi lærte om energi, klima, miljø og om søppelsortering. Sjå bilete her.

Ballongbil-bygging
Elevane på Vågåmo skule i full gang med å byggje ballongbil. På slutten av dagen skal det vere konkurranse; kven kan få bilen til å gå raskast berre ved hjelp av luft i ballongen?
Konkurranse mellom 5.klasse om kven som skal representere dei i superfinalen på slutten av dagen.

Kjeldesortering
Kurshaldar og regnmakar Hans Christian Johnson fortel om kjeldesortering, og oppfordrar også elevane til å jobbe for at Vågå kommune blir flinkare på kjeldesortering.

Søpplesorteringskonkurranse på Lalm.

Vær, klima og is
Klimapark 2469 hadde ein eigen post om vær og klima, og der elevane fekk lov til å bli kjend med isen sine fantastiske eigenskapar.

Konkurranse og oppsummering
Den store ballongbilkonkurransa på Vågåmo skule er i gang.
Det stolte vinnarlaget i ballongbilkonkurransa.

Eit kjemisk ekspriment på slutten. Vernebrilla må på. Spenningen stiger; kva skjer når vi heller innhaldet i denne over i den andre?