fredag 30. desember 2011

Høgdepunkt frå 2011 i skuleprosjektet

Februar
8.februar slutta Kommunstyret seg samrøystes til anbefalingane i rapporten frå forprosjektet. Dei bestemte å setje i gang eit femåring utviklingsarbeid i skule og barnehage der tre hovudområde skulle vere gjennomgåande; forpliktande samarbeid med heimen, tidleg innsats og sansebasert læring.

25.februar sette elevane i storskulen på Lalm og 6. og 7.klasse på Vågåmo skule opp musikalen "Barnas Klimakonferanse" i samarbeid med "Musikk i skulen". Omlag 300 publikummarar fekk med seg musikalen.

April
Vågå kommune lyser ut stilling som musikkpedagog for å styrke arbeidet med sansebasert læring i skule og barnehage.

Mai
18.mai opna Jens Stoltenberg nye Vågåmo skule

Juni
Hans Gutubø frå barnehagen, Lene Bekkemellem frå barneskulen og Steinar Riksåsen frå Vågå ungdomsskule vann kvart sitt kamera for sine bilete av ”Mitt Vågå”. Publikum stemte fram deira bilete som dei beste under fotoutstillinga under Vågå-Dågå. Under Vågå Dågå fekk alle elevane stille ut bilete av ”Mitt Vågå”. Utstillinga var delt inn i tre avdelingar; bilete frå barnehage, bilete frå barneskule og bilete frå ungdomsskulen. Om lag 200 bilete vart stilt ut.

I juni blir også Eli Hårklau tilsett som musikkpedagog i Vågå kommune.

August
Vågå får innvilga ein søknad å setje i gang eit EU-prosjekt i samarbeid med Klimapark 2469 og ein region i Bayern i Tyskland. Målsettinga er å dele og utvikle uteskulemetodikk.

Vågå kommune får tildelt 550 000 nye kroner frå Utdanningsdirektoratet til skuleprosjektet vårt for å utvikle tilbod innanfor foto, musikk og smak. Frå før har vi fått 900 000 kroner.

Musikkpedagog Eli Hårklau startar i jobben, og skal jobbe med musikkstunder i alle dei kommunale barnehagane, utvikle musikkfaget i skulen og jobbe med drama og musikk som metode i alle fag.

September
Tysdag 20.september vart Arne Brimis smaksskule lansert. Det sørgja femåringane i Vågå kommune sine barnehagar for - med song og trollkrem til folket!Dette var starten på eit smaksprosjekt i barnehagane i Vågå som heiter ”Arne Brimis smaksskule”. Dette byggjer på Arne Brimi sin filosofi om at ungar bør smake på mykje forskjelleg i ung alder for å stimulere alle sansane sine.

Oktober
Vågå kommune får besøk av ein tysk delegasjon i samband med EU-prosjektet vi er i gang med.

November
Ein delegasjon på seks personar frå Vågå kommune, Lalm skule, Vågåmo skule og Norsk fjellmuseum var frå 6. til 11.november på besøk til Bayern i samband med EU-prosjektet vi er i gang med.
Her ser du Anders Nordnes gjennomføre øvinga "Kor mange lærarar får plass i ein sjølvbygd kubikkmeter?".

Desember
Undervisningsinspektør ved Vågåmo skule, Hans Olav Øvre blir pensjonist og avsluttar med stil som Rødhette i oppsettinga "Rødhette og Ulven".

9.klasse arrangerte lyrikkveld

torsdag 22. desember 2011

Vågåmo-lærarane dramatiserer Rødhette og ulven

Rektor Torgeir Sæteren som mor til Rødhette



Hans Olav Øvre i rolla som Rødhette.


Torunn Elise Berg som den skumle ulven

Kalle Waaktaar Kahrs som bestemor


Anne-Lene Stormyrengen som jeger

Elevane følgjer spent med når ulven sin mage blir skjært opp.

Ulven klarar ikkje gå med fullt av stein i magen

Skodespelarane blir takka av eit nøgd publikum.

Framført på avslutning på Vågåmo skule 21.desember 2011.

tirsdag 20. desember 2011

Juleavslutning for Lalm oppvekstsenter

Sjå bilete frå juleavslutninga ved Lalm oppvekstsenter 19. desember.

Dyktige konferansierar leia oss gjennom programmet.

Tenning av adventsljos

6.klasse las juleevangeliet

3. og 4.klasse gjer seg klar til å framføre sitt sjølvdikta juledrama.

1. og 2.klasse framfører "på låven sitter nissen".

1. og 2.klasse framfører "Romjulsdrøm".



3. og 4.klasse med sitt sjølvdikta spel om julenissen som blir kidnappa.





Framføring av "Bjelleklang" under kyndig leiing av korpsguru Odd Ivar Svelstad.

"Drunken sailor" av 5. og 6.klasse



7.klasse framfører sitt sjølvdikta spel "Jakten på det gule gullet" der vi mellom anna får stifte kjennskap med Brimi og Hellstrøm.



Avslutningsnummeret "Barn av regnbuen" framført av alle elevane.

Julebord med julesmakar i Søre Grindstugu barnehage

Måndag denne veka hadde ungane i Søre Grindstugu barnehage julebord der dei fekk teste julesmakane. Både rakfisk, røkt fisk, sylte, kjøttkaker og lefse stod på menyen. Og mange andre ting.


mandag 19. desember 2011

Lyrikkveld av 9.klasse på Vågå ungdomsskule

På torsdag arrangerte 9.klasse på Vågå ungdomsskule lyrikkveld på kulturhuset. Her kan du sjå bilete frå framsyninga.


Desse to gutane framførte rappen "to veidde på ei sjedde".

Frå talenshowet Lyrikk Factor.


Vinnaren i Lyrikk Factor blir kåra.




Dette innslaget på engelsk skapte mykje latter i salen.
Eit dikt om ein loff.

Flotte grisar.

Nok ein rap - denne gongen med skodespel i bakgrunnen.


Dramatisering og framføring av "Romjulsdrøm" av Alf Prøysen.

Elevane passa på å takke dei tilsette som har hatt mykje jobb med framsyninga; Kristin, Eva, Gry og Eli.

Det var ingen tvil om at elevane hadde jobba bra med temaet, og publikum storkoste seg. Det same såg det ut til at elevane gjorde. Tusen takk til elevane for ei flott oppleving i Vågå kulturhus.