tirsdag 28. juni 2011

Eli Hårklau skal gjere Vågå musisk

Eli Hårklau (31) frå Voss har takka ja til stillinga som musikkpedagog i Vågå kommune. Den nyoppretta prosjektstillinga er ein del av skule- og samfunnsutviklingsprosjektet i Vågå, og Eli blir slik ein viktig person når Vågå for fullt sett i gang med å vidareutvikle det musiske Vågå.
Eli startar i jobben i Vågå i august. Foto: privat

Kommunestyret i Vågå har samrøystes vedteken satsinga ”Vaken og Vågal i Vågå” der mellom anna sansebasert læring er eitt av dei viktigaste satsingsområda. For å styrke denne satsinga, lyste Vågå kommune tidlegare i år ut ei stilling som musikkpedagog.

Eli Hårklau har no takka ja til stillinga. Grunngjevinga for at ho takka ja, gjev Eli her:

- Eg valde jobben i Vågå fordi den virka så spennande. Eg syns musikkpedagogikk er interessant, og i denne jobben kan eg fordjupe meg i dette, og få høve til å jobbe fagleg på tvers av skuleslag. Eg ser for meg at det blir ein kjekk kombinasjon mellom sjølvstendig jobbing og samarbeid med lærarar, barnehagepersonale og andre tilsette i kommunen, noko som passar meg bra! Eg har møtt kjekke folk som eg skal få jobbe saman med. Og så er det jo vakkert i Vågå, då, seier Eli.

Eli kjem frå jobben som teaterlærar ved Sunnhordland folkehøgskule. Ho har ein mastergrad i musikkvitskap frå NTNU, og har også solid utdanning i drama. Eli har tidlegare vore både dirigent, songlærar, kursleiar for dramagrupper og kurslærar i babysong. Alt i alt har Eli ei kompetanse som er etterlengta i skule og barnehage i Vågå. Og ho har planane klare for kva ho vil gjere når ho startar i jobben til hausten:

- For det fyrste vil eg vera open for ønskje og behov som ungane sjølv, samt dei tilsette i skulane, barnehagen og kulturskulen måtte ha. Eg håpar at musikk og drama kan bli eit naturleg utgangspunkt for å lære om andre fag i skulen. Eg forventar ikkje at alle lærarar skal nytte musiske undervisningsmetodar heile tida, men om eg får lov til å komme inn i ein time og undervise i det dei held på med, på ein litt annan måte enn vanleg, hadde det vore veldig spennande! Dersom det er interesse for det i lærarstaben, kan eg gjerne lære bort enkle metodiske verkemidlar henta frå dramafaget - aktiviserande undervisningsmetodar som kan tilpassast ulike fag.

I Vågå kommune er det ønskje om større fagleg samarbeid mellom dei tilsette, og også her har Eli planane klare:

- Eg har lyst til å høyre med musikklærarane i skulane kva dei treng av eventuelle bidrag frå meg. Vi kan lage eit musikkfagleg team i kommunen som utvekslar gode idear og undervisingsopplegg. Det er nok ikkje eg som sit med alle svara her, men eg håpar at samarbeid og samtale i seg sjølv kan avle mykje, seier Eli.

Eli har også dramabakgrunn. Foto: Privat

Tidleg innsats er også eitt av satsingsområda i skuleprosjektet i Vågå, og musikkpedagogen skal jobbe aktivt opp mot barnehagane. Det gler Eli seg til:

- Sjølv tenkjer eg at det hadde vore kjekt om eg fekk lov til å ha ei lita musikkstund saman med ungane i barnehagane kvar veke. Dersom det er vilje til det ute i skulane, hadde det vore kjekt å få til eit samarbeidsprosjekt - ei framsyning eller liknande - mellom dei ulike skulane, kulturskulen og barnehagane.

Eli brenn for det musiske i skule og barnehage, og har fått med seg at professor og forfattar Jon Roar Bjørkvold har laga ein eigen musisk Vågå-modell som dannar utgangspunkt for satsingane her i Vågå. Når det gjeld kor viktig det musiske er, har Eli følgjande å seie:

- Musikk er eit heilt universelt uttrykk, samstundes som det kan vera svært personleg. Menneske i alle aldrar og frå alle kulturar har eit forhold til musikk. Eg trur musikk kan lære oss mykje om oss sjølve, om kvarandre, om kultur, språk, litteratur og historie, ja kanskje til og med om matematikk. Eg håpar vi kan oppdage og bruke denne styrken i faget, både i den reine musikkundervisinga, i samarbeidsprosjekt, og som metodisk hjelpemiddel i andre fag.

Når det gjeld satsinga i Vågå og fokuset på kunst- og kulturfag, er Eli full av lovord:

- Det er så forfriskande med ein kommune som verkeleg tør å satse på skuleutvikling! Dette er ein av grunnane til at eg søkte på jobben. Mange andre kommunar ser gjerne berre utgifter og "heft" med eit slikt arbeid, men Vågå har skjønt at dette er viktig om samfunnet ikkje skal stagnere. Eg gler meg til å bidra som best eg kan i denne utviklinga, avsluttar Eli som startar opp i jobben i midten av august.
___________________________________________________________________

mandag 20. juni 2011

Vinnarar av fotokonkurransen ”Mitt Vågå”

Hans Gutubø frå barnehagen, Lene Bekkemellem frå barneskulen og Steinar Riksåsen frå Vågå ungdomsskule vann kvart sitt kamera for sine bilete av ”Mitt Vågå”. Publikum stemte fram deira bilete som dei beste under fotoutstillinga under Vågå-Dågå.
Tre stolte vinnarar med sine vinnarbilete. Frå venstre Lene Bekkemellem, Hans Gutubø og Steinar Riksåsen. Foto: Hans Olav Øvre

Mange stemte
Under Vågå Dågå fekk alle elevane stille ut bilete av ”Mitt Vågå”. Utstillinga var delt inn i tre avdelingar; bilete frå barnehage, bilete frå barneskule og bilete frå ungdomsskulen. Om lag tu hundre bilete vart stilt ut.

Om lag 330 publikummarar stemte på bilete i dei tre ulike kategoriane. Og etter at stemmene var telt opp vart det klart at Hans Gutubø frå Søre Grindstugu barnehage, Lene Bekkemellem frå Vågåmo skule og Steinar Riksåsen frå Vågå ungdomsskule hadde dei mest populære bileta i utstillinga.

Nokre av kommentarane eit veldig nøgd publikum kom med i løpet av helga var: ”Her var det vanskelege å velje beste bilete. Det er så mange fine!”, ”Så mange flinke ungar vi har i Vågå” og ”Dette var løyle. Og så bra at ungar i alle aldrar får stille ut bilete”.

Mange møtte opp for å få med seg fotoutstillinga ”Mitt Vågå”. Foto: Hanne Blåfjelldal.


”Ein mann oppi lufta”
Dei tre vinnarane fekk overrekt premien på sine sommaravslutningar; eit digitalkamera til odel og eige. Dei er alle tre ”avgangselevar” og skal starte på nye skular til hausten.

Hans er ferdig i barnehagen i sommar, og skal starte i skulen til hausten. Lene skal starte i ungdomsskulen, og Steinar skal starte på skigymnas i Meråker. – Eg håper det blir mykje foto på ungdomsskulen, seier Lene.

Hans Gutubø er nøgd med sitt nye kamera, og viser stolt fram alle dei bileta han har take i løpet av den snaue veka han har eigd kameraet sitt:

- Her ser du ei geit, men på neste bilete har eg fått med litt meir av geita. Her har eg take bilete av ein mann oppi lufta. Han køyrer ein slik hangglider. Og her ser du ein film eg tok hjå bestefar, og det er ein veldig morosam film fordi Rusken (hunden) er med.

Rektor ved Vågåmo skule, Torgeir Sæteren, kommenterer i bakgrunnen at Hans allereie kan kallast ein avansert brukar av digitale verktøy. Og det er noko Vågå kommune håper at alle elevane våre skal bli på sikt.

Naturbilete som vinnarar
Alle dei tre har take bilete av natur. Steinar fortel om korleis han fann sitt motiv:

- Bilete er take ein morgon frå Sveaholen, der eg bur. Eg veit at Vågå ofte ser flott ut på denne tida av døgnet, og ein morgon fekk eg dette blinkskotet. Bilete har eg take med mobilkamera.
Foto: Steinar Riksåsen


Lene har take sitt bilete i ”Øygardom”.
- Eg tok mange bilete, men valde dette til utstillinga fordi eg tykkjer det er ein flott kombinasjon av det gamle og det nye. Det gamle er symbolisert ved gjerdet og det nye er heggen, seier Lene, som understrekar at ho tykkjer det var mange fine bilete i utstillinga, og at ho vart litt overraska over at ho vann.
Foto: Lene Bekkemellem


Hans har også take bilete sitt heime. Bilete viser ein fugl i eit tre.

- Eg berre tok bilete eg, seier Hans.
Foto: Hans Gutubø

Meir av dette i Vågå
Foto og visuell kunst blir eit satsingsområde i Vågå dei neste åra. Det har Kommunestyret vedteke og det er ein viktig del av skuleprosjektet i Vågå. Med støtte frå Lom og Skjåk sparebank og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa har mellom anna Vågå kjøpt inn eit klassesett med kamera til bruk i skule og barnehage. Frå og med neste skuleår tenkjer Vågå kommune å satse enno meir på å bruke foto i alle fag, og reknar med at det blir ein årleg tradisjon med fotoutstilling. For dette falt i smak for publikum!

Gode råd til fotografar
Alle dei tre vinnarane av fotokonkurransen er glade i å ta bilete, og meiner det er viktig at ein kan ha meir foto til dømes i kunst og handverk. I tillegg meiner dei det er bra at ein kan dokumentere fine minne frå skule og barnehage gjennom å bruke kamera. Deira råd til folk som ønskjer å ta gode bilete er:

- Ta med kamera dit du skal. Ein kan ta tøffe bilete over alt, og er du heldig får du eit skikkeleg blinkskot. Det treng ikkje berre vere natur slik vi har take men nær sagt alt, avsluttar dei tre vinnarane av fotokonkurransen.

tirsdag 14. juni 2011

Fotoutstillinga "Mitt Vågå" vart ein stor suksess

Omlag 330 personar stemte på beste bilete under fotoutstillinga vår "Mitt Vågå" under Vågå-Dågå no i helga. Utstillinga fekk også mykje gode attendemeldingar frå publikum. Nokre av attendemeldingane var:

"Så flinke ungar vi har her i Vågå"

"Så mange fine bilete!"

"Så bra at alle aldersgrupper er representert"

Dei fleste attendemeldingane gjekk likevel på at det var veldig vanskeleg å stemme på DET beste bilete av så mange fine bilete. Alle som kom på utstillinga vart oppfordra til å stemme på beste bilete både for barnehage, barneskule og ungdomsskule. Under kan du sjå bilete frå utstillinga.






Stemmene er no talt opp, og vinnarar i kvar klasse vil få premien sin på sommaravsluttingane på skulane og i barnehagane. Premien? Sjølvsagt eit digitalt kamera for å oppfordre til å ta enno fleire bilete!!

onsdag 1. juni 2011

Vil du stille opp som friviljug til fotoutstillinga "Mitt Vågå"?

Til elevutstillinga "Mitt Vågå" 11-13.juni treng vi friviljuge som kan selje billetter, gje ut informasjon om utstillinga og passe på at alt går i orden.

Vi treng folk som kan stille opp laurdag og sundag mellom 12 og 17, og måndag mellom 12 og 15.

Anten du er ung eller gammal, forelder eller barnlaus, fotointeressert eller ikkje, så vil vi at du stiller opp. Har du lyst til å stille opp til nytte for Vågåsamfunnet, og verkeleg få studert elevbileta på nært hald? Vil du treffe mange folk som kjem innom? Då treng vi din hjelp!!

Ønskjer du å stille opp for oss, legg att ei melding her på bloggen eller ta kontakt med prosjektleiar Hanne Blåfjelldal på telefon 41683254 eller e-post hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no