søndag 10. april 2011

Har du utstillingskompetanse?

I samband med eit fotoprosjekt vi har gåande i skule og barnehage, skal vi i samband med Vågå-Dågå lage ei fotoustilling av arbeida til elevane og ungane.

Vi veit ikkje kor utstillinga skal vere eller form på utstillinga, men vi veit at vi treng kreative menneske med utstillingkompetanse til å hjelpe oss. Før vi går utanfor kommunen, vil vi difor undersøke om det er noko i kommunen med slik kompetanse.

Har du utstillingskompetanse eller kjenner du nokon som har det? Send eit innspel til prosjektleiar hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no eller legg att innspel på bloggen her.

onsdag 6. april 2011

Tidleg innsats på dagsorden

Tidleg innsats, samarbeid mellom skule/barnehage og heim og heilskapleg menneskesyn med sansebasert læring er dei tre satsingsområda i utviklingsarbeidet vårt her i Vågå.

Vi er allereie så smått i gang med tiltak når det gjeld sansebasert læring (fotoprosjekt og gjennomføring av "Barnas klimakonferanse"), men på dei to andre områda gjenstår det mykje arbeid. Vi er no i gang med å gå gjennom innsatsen på desse to områda for å finne ut kva som fungerer bra i dag og kva vi må gjere betre.

Når det gjeld tidleg innsats, så har vi allereie hatt eit idémyldringsmøte med rektorar og styrarar i barnehage og skule og alle andre aktørar som er sentrale innanfor det vi kallar tidleg innsats. I dag skal vi ha møte nummer 2 i ei gruppe som skal sjå på tenesteinnsatsen i førskulealder. Her skal mellom anna foreldrerepresentantar, barnahagane, helsesysterteneste, PPT, barnevernteneste sjå på korleis tenesteapparatet fungerar for ungar i førskulealder i dag. Sentrale spørsmål vil vere: Kva fungerer bra i dag og kva fungerer ikkje? Korleis kan vi samordne oss betre og samarbeide betre? Korleis skal vi sette alle behova ungane har i sentrum, og korleis skal vi gripe inn for å løyre utfordringar og behov på eit så tidleg tidspunkt som mogleg?

Har du innspel eller utfordringar til oss! Legg dei att på bloggen her!!