fredag 14. oktober 2011

Besøk frå Bad Tölz i Bayern


Frå 10-14.oktober fekk Vågå kommune besøk frå regionen Bad Tölz i Tyskland. Dei var her på besøk som eit ledd i eit Comenius Regio-prosjekt der målet er å utvikle oss innanfor uteskulepedagogikk.
Elevar i 5. og 6.klasse på Lalm fekk brev skriven av elevar frå Tyskland.
Her ser du rektor Dag Nyøygard gje ei omvisning på Lalm oppvekstsenter.
Lunsj på Bokhandel'n Kafé

Lærar frå skule i Tyskland presenterer sine mål og visjonar frå prosjektet.
Historisk vandring i Vågåmo sentrum med Mette Vårdal
Lærarar frå Vågåmo skule diskuterer kva dei ønskjer å få ut av prosjektet
Omvsining på Fjellmuseet i Lom. Fjellmuseet og Klimapark 2469 er samarbeidspartar i dette prosjektet.
Omvisning på Fjellmuseet.

mandag 10. oktober 2011

Klar for besøk frå Tyskland

I samband med EU-prosjektet som Vågå kommune har fått støtte til, vil Vågå kommune få besøk av ein delegasjon frå vår samarbeidsregion Bad Tölz i Tyskland denne veka.

Vågå og Bad Tölz har vald å kalle prosjektet for ”Come(nius) to nature and school”.

Namnet har vi vald fordi vi har fått støtte gjennom Comenius-programmet og fordi prosjektet handlar om å utvikle meir praktiske undervisningsmetodar knytt til natur og klima.

I Vågå kommune er det Vågå kommune, Sjårdalen oppvekstsenter, Lalm oppvekstsenter, Vågåmo skule og Fjellmuseet/Klimapark 2469 som er ein del av dette prosjektet. I regionen Bad Tölz er det skuleeigaren, Königsdorf skule og Youth training center i Königsdorf som er partane vi skal samarbeide med.

Seks representantar frå Tyskland kjem altså i neste veke til Vågå for å møte våre tilsette, bli kjend med Vågå og Nord-Gudbrandsdalen og planlegge korleis vi saman skal utvikle praktiske undervisningsmetodar i saman med våre samarbeidsaktørar.

Representantane frå Vågå kjem hit måndagsettermiddag. Tysdag skal delegasjonen bli kjend med skulane i kommunen, og dei møter lærarane og representantane frå Fjellmuseet for å bli kjende med kvarandre. På onsdag skal lærarane og partnarane i dei to regionane saman avgjere korleis dei skal jobbe framover for å utvikle desse metodane. Heile torsdagen går med til å vere på Fjellmuseet i Lom der vi skal bli kjende med verksemda og kvarandre gjennom ulike aktivitetar.

Frå Vågå kommune er følgjande lærarar med: Anders Nordnes og Nina Andby frå Vågåmo skule, Olav Tøfte frå Sjårdalen oppvekstsenter og Frode Sandum og Hanne Kari Bakke frå Lalm. Dag Inge Bakke og Mai Bakken representerer Fjellmuseet/Klimapark 2469 og Hanne Blåfjelldal er prosjektleiar og representant frå Vågå kommune.

onsdag 5. oktober 2011

Bli med på musikkstund i Tessand barnehage!


Vår nytilsette musikkpedagog er no godt i gang med arbeidet sitt. I tillegg til å jobbe med musikk og drama som metode i skulane, har ho faste musikkstunder i alle dei kommunale barnehagane omlag annankvar veke. Her kan du sjå bilete av ei musikkstund i Tessand barnehage:






tirsdag 4. oktober 2011

Det kommunale foreldreutvalet er i gang!

Forpliktande samarbeid mellom heim og skule er eitt av tre satsingsområde i skuleprosjektet i Vågå.

Torsdag førre veke arrangerte Vågå kommune eit felles informasjonsmøte for alle FAU-representantane i kommunen. FAU står for "foreldra sitt arbeidsutval", og alle skulane i Vågå har eit eige FAU. FAU består av representar frå dei ulike klassene.

På dette møtet vart det informert litt om diverse utval, om tilsynet som har vore i Vågå kommune knytt til elevane sitt arbeidsmiljø, og om skulesatsinga i Vågå kommune.

Etter møteslutt vart "Det Kommunale foreldreutvalet" (KFU) konstituert. I Det kommunale foreldreutvalet er det to medlemmar frå kvar skule i Vågå. KFU skal ta seg av interessene til foreldra og borna, og spesielt ta opp forhold som er av interesse for alle ungar og foreldre i heile Vågå. Her der du det kommunale foreldreutvalet saman med oppvekstsjef, Jan Egil Fossmo.

KFU ønskjer innspel frå foreldre i Vågå om ting de ønskjer dei skal diskutere og ta opp. Nøl ikkje med å ta kontakt om du har spørsmål eller innspel til det kommunale foreldreutvalet. Terskelen for å ta kontakt med KFU skal vere låg.

Her er kontaktinformasjon:
Sveen, Mona (leiar) 99693818 mona.sveen@vaga.kommune.no
Haugen, Ruth (nestleiar) 90032749
Nyhagen, Siv Monika (sekretær) 90899563 sivmny@online.no
Austrem, Pål 90572577 paustrem@bbnett.no
Skogen, Edith 61239700 ok-skoge@online.no
Vang, Camilla 99550062 camilla.vang@statnett.no
Øihusom, Gjermund 41605749 gjermund@sinclairmurogbygg.no