mandag 21. mars 2011

Flott natur klar til å brukast

Ei av målsettingane med prosjektet i Vågå er at barnehage og skule skal bli flinkare til å ta i bruk dei flotte naturomgjevnadene våre. Vi er heldige i Vågå som har mektig natur rett utanfor dørene våre. Vi ønskjer å bli flinkare til å utvikle metoder for å ta i brukt natur og miljø i arbeidet i skulen. Slik kan vi utvikle arenaer for læring der vi i større grad bruker det som er unikt i Vågå.
Mykje bra skjer allereie i skule og barnehage i dag. Her ser du ungar i SFO ved Vågåmo skule og Søre-Grindstugu barnehage bruke området nede ved Vågåvatnet, Vanglandet. Der er det gapahuk, og dei tilsette er flinke til å bruke dette området til å lære ungane om friuftsliv og berre ha det koseleg ute i naturen.


Å bruke naturen til undervisning, og å få til kvalitetssikra system på uteskule og klima- og miljøspørsmål inn i skulen, er noko vi ønskjer å jobbe med framover. Har du gode idear til korleis vi skal gjere dette, eller du ønskjer å medverke, så må du gjerne ta kontakt med oss.

onsdag 2. mars 2011

Musikal som rocka Vågå!

Fredag 25.februar sette Vågå kommune opp musikalen ”Barnas klimakonferanse”. 300 publikummarar fekk sjå 90 elevar frå 5-7.klasse på scena. Og elevane overbeviste!
Elevar som demonstrantar på Klimakonferansen. Foto: Ketil Sandviken, GD

Musikalen besto av to delar. I fyrste del var handlinga er lagt til Grønnengen skule. På Grønnengen skule har elevane fått moglegheit til å konkurrere om å bli plukka ut til å reise på ”Barnas klimakonferanse”. Elevane lager appellar, og vi blir spesielt kjende med Gobi og Katla og familiane deira.
Elevane framfører sine appellar på Grønnengen skule. Foto: Ketil Sandviken, GD.

I del to reiser dei to elevane som er blitt plukka ut frå Grønnengen skule til klimakonferansen. Her møter dei både journalistar, kapitalmakt og dei ulike energiressursane. Her deltok alle elevane som ulike energiressursar, og alle energiressursane hadde eigen song og eigen dans. Det enda opp i ei stor kampscene, men alle skjønte til slutt at dei måtte gå saman for å redde verda.
Representantar frå USA på opningsseremonien. Foto: Ketil Sandviken, GD
Elevar framstiller solenergi som song på Klimakonferansen. Foto: Tom Erik Solstad, Fjuken
Reporter i samtale med den lett forvirra Professor Tran. Foto: Tom Etikk Solstad, Fjuken

Vågå kommune er stolt av å ha bli plukka ut som pilotkommune av ”Musikk i skulen”. Vi vil spesielt takke A/S Eidefoss og Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen som har sponsa oss og som gjer det mogleg å sette opp musikalen.