mandag 21. mars 2011

Flott natur klar til å brukast

Ei av målsettingane med prosjektet i Vågå er at barnehage og skule skal bli flinkare til å ta i bruk dei flotte naturomgjevnadene våre. Vi er heldige i Vågå som har mektig natur rett utanfor dørene våre. Vi ønskjer å bli flinkare til å utvikle metoder for å ta i brukt natur og miljø i arbeidet i skulen. Slik kan vi utvikle arenaer for læring der vi i større grad bruker det som er unikt i Vågå.
Mykje bra skjer allereie i skule og barnehage i dag. Her ser du ungar i SFO ved Vågåmo skule og Søre-Grindstugu barnehage bruke området nede ved Vågåvatnet, Vanglandet. Der er det gapahuk, og dei tilsette er flinke til å bruke dette området til å lære ungane om friuftsliv og berre ha det koseleg ute i naturen.


Å bruke naturen til undervisning, og å få til kvalitetssikra system på uteskule og klima- og miljøspørsmål inn i skulen, er noko vi ønskjer å jobbe med framover. Har du gode idear til korleis vi skal gjere dette, eller du ønskjer å medverke, så må du gjerne ta kontakt med oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar