onsdag 6. april 2011

Tidleg innsats på dagsorden

Tidleg innsats, samarbeid mellom skule/barnehage og heim og heilskapleg menneskesyn med sansebasert læring er dei tre satsingsområda i utviklingsarbeidet vårt her i Vågå.

Vi er allereie så smått i gang med tiltak når det gjeld sansebasert læring (fotoprosjekt og gjennomføring av "Barnas klimakonferanse"), men på dei to andre områda gjenstår det mykje arbeid. Vi er no i gang med å gå gjennom innsatsen på desse to områda for å finne ut kva som fungerer bra i dag og kva vi må gjere betre.

Når det gjeld tidleg innsats, så har vi allereie hatt eit idémyldringsmøte med rektorar og styrarar i barnehage og skule og alle andre aktørar som er sentrale innanfor det vi kallar tidleg innsats. I dag skal vi ha møte nummer 2 i ei gruppe som skal sjå på tenesteinnsatsen i førskulealder. Her skal mellom anna foreldrerepresentantar, barnahagane, helsesysterteneste, PPT, barnevernteneste sjå på korleis tenesteapparatet fungerar for ungar i førskulealder i dag. Sentrale spørsmål vil vere: Kva fungerer bra i dag og kva fungerer ikkje? Korleis kan vi samordne oss betre og samarbeide betre? Korleis skal vi sette alle behova ungane har i sentrum, og korleis skal vi gripe inn for å løyre utfordringar og behov på eit så tidleg tidspunkt som mogleg?

Har du innspel eller utfordringar til oss! Legg dei att på bloggen her!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar