mandag 22. august 2011

Fyrste skuledag

I dag var det fyrste skuledag for skuleåret 2011/2012 i Vågå kommune. På Lalm, i Sjårdalen og på Vågåmo skule var det ein gjeng spente fyrsteklassingar som hadde sin fyrste skuledag nokonsinne.

På Vågåmo skule kunne rektor Torgeir Sæteren og dei to kontaktlærarane for 1.klasse, Anne Sjetne og Anne Lene Stormyrengen, ønskje 22 spente elevar velkomne. Også for kontaktlærarane var det fyrste skuledag på Vågåmo skule, sidan dei begge to tidlegare har vore tilsette ved Tessand oppvekstsenter (der skulen no er lagt ned).

Det var ein gjeng med glade, stolte og nysgjerrige elevar (og foreldre!) med glød i augo som møtte opp utanfor Vågåmo skule i dag tidleg klokka åtte. Dei "store elevane" gjekk klasse for klasse inn saman med lærarane sine, og tilslutt var det berre debutantane att. Dei vart ropt opp ein og ein for å helse på rektor.


Så var det tid for klassebilete for fotografen frå Norddalen som hadde dukka opp.

Etter fotografering fekk alle kome inn i klasserommet sitt. Der fann dei fort plassane sine, og fekk utdelt både meldemappe og lilla-bok til å skrive i. Så var det tid for lesing og litt song, der også foreldra måtte vere med på "Hode, skulder, kne og tå".

Etter kvart vart elevane henta av sine fadrar i 7.klasse, slik at lærarane kunne få prate med foreldra om "vaksenting".

Dagen vart avslutta med å ete matpakka si, før elevane kunne gå heim med både beskjedar til foreldre og lekse i sekken.

Vågå kommune ønskjer alle 1.klassingar ved både Lalm, Sjårdalen og Vågåmo til lykke med skulegangen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar