torsdag 16. februar 2012

Solfest i Sjårdalen

Torsdag 16.februar vart det arrangert solfest i Sjårdalen. Og jammen dukka ikkje sola opp undervegs i festen også!

Alle ungane syng songar om sola.

Dans frå Dunderly ved ungane i barnehagen.

Norrøn mytologi Odin ønskjer å bli vis, og vil difor drikke frå brønnen til Mime. For å få lov til det må han byte bort auga sitt.

Så kom vi til høgdepunktet; dramatiseringa av Trymskvida.
Trymskvida går i korte trekk ut på at jotnen Trym stjel hammaren frå guden Tor. For å få attende hammaren krev Trym å gifte seg med Frøya.

Frøya vil slett ikkje gifte seg med Trym. Dei blir difor einige om at Tor skal kle seg ut som Frøya, og at dei skal lure Trym.

Det ender med at Tor drep Trym og får attende hammaren sin.

Tusen takk til Sjårdalen oppvekstsenter for flott underhaldning frå ungane og elevane, og takk til alle som hadde møtt opp for å sjå på. Dette var absolutt ei oppleving verdt å få med seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar