onsdag 13. juni 2012

Den herlege laftegjengen

Det er ikkje alle elevar som får gjere ulike ting kvar dag i kulturveka. Nokre får gjere det same ei heil veke gjennom. Ei gruppe på 23 gutar frå ungdomsskulen får prøve seg på lafting denne veka (den desidert mest populære verkstaden der det var heilt enorm interesse). Dei held til i laftehallen til Treshuseksperten, og her kan du sjå bilete frå korleis dei jobbar. Her er det mykje matematikk integrert i eit praktisk fag!



Instruktør er Jostein Espelund, og han gjer ein enormt god jobb med desse unge gutane. Vi kan høyre det er mykje humor i lag med hard jobbing borte i laftehallen.
Jostein poserer for fotografen (etter å ha gjeve henne kjeft for å ta feil bilete) til elevane si store glede.

Elevane (og lærarane) må bruke mykje tid på å observere handverket, men får også rikeleg med tid til å prøve sjølve. Dette er arbeid som krev stort tolmod.


Verkstaden i lafting har vore så populært at vi er nøydd om å finne måter for å vidareføre dette arbeidet på. Tusen takk til Gudbrandsdalsmusea som har sett i gang dette for oss. Stor takk til instruktørar, næringsliv som stiller opp og våre tilsette som er med.

(artikkelforfattar er forresten enormt imponert over den interesse elevane viser og kor flott det ser ut til at dei har det på denne verkstaden. Det er nok ikkje tvil om at dette for mange gjev mykje meir læring enn "vanleg skule".)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar