fredag 15. juni 2012

Spor i stein

Lalm skule har torsdag og fredag synt fram sitt vandrespel "Spor i stein" til elevane frå 1-7.klasse. Her kan du sjå bileteserie og lese om spelet.

Liv og røre på marknadsplassen
Vi vart møtt av guidar på Lalm skule, og heile gjengen vart så guida opp til marknadsplassen der det var liv og røre. Under kan du sjå nokre bilete frå marknadsplassen. Her var det både smiing, kvernsteinhogging, leik, reinskjøt, dyr, karding, spinning og andre aktivitetar.



Tøffe typer
Her blir ein skurk leia til gapestokken

I gapestokken
Elevar frå Vågåmo skule får prøve kvernstein

Ferden inn mot Kvennberget starta

Gruppa på 110 elevar vart så delt inn i tre grupper, som saman skulle bli leia inn mot det største området i Kvennberget; det vil seie det området der det største uttaket av kvennstein har vore. Her kan du sjå bilete av denne ferden.

Guidar leia oss dyktig innover i kvennberget



Dramatisering av historia om Tolstadslekta og dei som eigde kvennberget. Vi fekk vite at kvar fjerde kvennstein som vart hugge ut måtte gå til grunneigar. Kvar tiande til kyrkja. 


På vegen innover kunne vi både sjå og høyre "dyr" som gøymde seg mange stader.

Musikk frå eit mystisk vesen langs vegen
Frå dramatiseringa av historia om Ola Kvennhogger. Han likte sprit, tobakk og damer. Reiste frå Lalm til Nord-Noreg for å hogge meir kvennstein.
 Farleg krigar
Musikk møtte oss heile vegen

Ølservering til publikum når dei nærma seg det store kvennsteinbrotet.


Den store finala var inne i det flotte området der den største kvennsteinutvinninga har vore. Her fekk vi mellom anna gjennom rytmer og hogging høyre på den fantastiske akustikken i området.

Takk til alle involverte

På framsyninga fredag hadde vi fått besøk av Torbjørn Løland. Han er kvernsteinmotor i ein annan kvernsteinkommune, nemlig Hyllestad. Torbjørn og Hyllestad har vore til stor inspirasjon for gjengen frå Lalm, som har jobba fram dette vandrespelet. Torbjørn hadde nesten tårer i augo då han fekk sjå framsyninga til Lalmselevane.

Framsyninga har vore mogleg på grunn av støtte frå kriblemidlane til Oppland fylkeskommune. Til vandrespelet har personalet på Lalm mellom anna fått historisk hjelp av Terje Kleiven og hjelp av teaterkunstnar Endre Skjåk til å sy saman vandrespelet.

Tusen takk til heile gjengen på Lalm for ei flott framsyning. Dette er arbeid vi håper det blir bygd vidare på i mange år framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar