mandag 31. mai 2010

Vil vi ha heildagsskule i Vågå?

På grendemøte 26.mai i Skogbygda, så var det ikkje tvil om kva som skapte mest debatt. Det var spørsmålet om heildagsskule. Dette er det delte meiningar om, og mange meiner at heildagsskule er noko som passar betre for byane. Er det slik at på bygda så er eit av fortrinna at det er mindre stress, og at vi ønskjer meir tid med familie, anten det er besteforeldre eller foreldre? Då passar det kanskje ikkje med lengre skuledag sidan den tida elevane får heime har ein mykje større verdi?

Kva meiner du om lengre skuledag og ein heilskapeleg skule der det er både skulemåltid, meir fysisk aktivitet og meir praktiske og estetiske fag der vi stiumlerar alle sansane til elevane?

Debatten er i gong, og svaret skal vere klart til desember, så her gjeld det å engasjere seg! Det er no det er mogleg å kome med meiningar - før vi som jobber med prosjektet skal konkludere!

fredag 21. mai 2010

Elevane ga innspel til politikarar

For kort tid attende hadde Vågå besøk av stortingsrepresentant Stine Renate Håheim og KrF-rådgjevar Hilde Ekeberg. Dei to unge politikarane var i Vågå for å høyre om skuleprosjektet og lære om Vågå. Mellom anna møtte dei tre engasjerte elevar på Vågåmo skule. Åsne Damstuen Lauvstad, Karsten Van Dijk og Tord Skanke prata om skulekvardagen. "Det går utover alle når nokon bråker, men ofte bråker folk berre for å få oppmerksemd. Det hadde kanskje vore betre om det hadde vore fleire lærarar", sa dei tre elevane.


Den tingen som kanskje engasjerte elevane mest, var lekser. Dei meinte det var urettferdig at dei flinke elevane fekk meir lekser enn dei andre, og dei skulle ønskje dei kunne sleppe unna heimeleksene. Dei var samde i at dei heller ønskja litt lengre skuledag viss dei kunne sleppe unna leksene.

Politikarane fekk også møte personalet. Lisbeth Øygarden, som er kontaktlærar på 2.trinn, prata om utfordringar og gleder i skulekvardagen. Ho la mellom anna vekt på at mangel på digitale verktøy er ei stor utfordring i skulekvardagen, og at dette er noko ho meiner må bli betre.


Til slutt fekk dei to møte rektor Torgeir Sæteren, som prata om sitt syn på skulekvardagen som rektor. Hans viktigaste oppfordring var: Når nye forskrifter skal bli innført, så må dei kome litt før enn ei veke før skulen starter. Vi treng forutsigbarhet i skulekverdagen viss vi skal klare å planlegge.

Vi håper fleire vil nytte høve til å kome med innspel i prosjektet vårt - om kvardagen i skulen; anten du er elev, lærar, rektor, forelder eller berre har sterke meiningar!

torsdag 20. mai 2010

I smia på Ungdomsskulen

Det store diskusjonstemaet i forhold til ungdomsskulen om dagen, er om ungdomsskulen er blitt for teoretisk. Klarar vi å ta vare på dei elevane som treng å gjere praktiske ting, og burde vi ha eit praktisk valgfag i ungdomsskulen? Høyrer vi på dei ungdomsskulelærarane og elevane som uttalar seg, så er det ingen tvil: Det er eit ganske unisont rop om fleire praktiske fag og at vi får attende det praktiske valfaget.


Her ser du elevar på Vågåmo skule utfolde seg i smia i faget kunst og handverk. Ein kan jo verkeleg stille seg spørsmålet om kva det er som gjer at vi ikkje har moglegheit til å tilby eit valfag i smiing. Der elevane kunne lært både om lokale tradisjonar og der vi kunne ha halde i hevd eit gamalt handverk.

På Vågå ungdomsskule er vi heldige at vi har ei smie. Sjølv om mykje kompetanse er borte, og utstyr er kasta, så har nokre av dei tilsette på skulen tatt kurs i smedfaget, og lærar bort kunsten til elevane. På bilete over ser du Arnt, som underviser i smedfaget med stor glede og som har gått på kurs for å lære dette. Elevane tykkjer dette er moro, og dei føler dei lærer noko.

Og her ja..her ser du prosjektleiar prøve seg som smed. For pedagogane på ungdomstrinnet lot meg ikkje sleppe unna. Eit naturtalent er eg!

onsdag 19. mai 2010

Grendemøte i Vågåmo torsdag 20.mai

No er vi godt i gang med serien med grendemøte som skal vere i alle grender i heile Vågå.

I går hadde vi møte på Lalm samfunnshus der vi mellom anna fekk følgande innspel: Trivsel i skulen er ekstremt viktig, kulturskulen må få større plass i den ordinære skulen, meir praktiske fag i skulen må på plass og vi må få til meir samarbeid med næringslivet.

Leiar i Vågå Fjellstyre, Sverre Damsuen, meinte også at det var viktig at elevane fekk kjennskap til fjell i Vågå og dei ressusane som ligg i dei vakre fjellareala våre. Og han lova at Vågå Fjellstyre er meir enn viljug til å samarbeide med skulen, for å gje elevane større kjennskap til samfunnet dei er ein del av.

I morgon klokka 19, så møter vi innbyggjarane i Vågåmo i kommunestyresalen. Møt opp for å få informasjon om prosjektet, stille spørsmål og gje innspel. Vi gledar oss til å møte deg!

onsdag 12. mai 2010

Møt prosjektleiar på biblioteket kvar tysdag kl 14-17

Frå og med tysdag 18.mai, så vil prosjektleiar Hanne Blåfjelldal, vere på biblioteket kvar tysdag mellom 14 og 17 fram til sommarferien. Der vil ho informere om forprosjektet, svare på spørsmål og ta i mot innspel frå dei som er innom biblioteket. Her ser du prosjektleiar saman med biblioteksjeg Ademir Talakic.

Det er viktig at vi som jobbar med utvikling i kommunen kjem oss ut i samfunnet for å informere om kva vi driv med og ta i mot innspel om kva vi kan gjere betre framover, og vi håpar innbyggjarane i Vågå vil nytte høve til å komme med innspel til prosjektet.


tirsdag 11. mai 2010

Matkultur og fysisk aktivitet i skulen i Vågå

I dag hadde undergruppa som skal jobbe med matkultur og fysisk aktivitet i skule og barnehage i Vågå sitt fyrste møte. I gruppa sit mellom anna Arne Brimi, som også innleia til debatt om matkultur og smak sin plass i skulen, og visjonar innanfor dette feltet. Vidare vart det orientert om smaksprosjektet som er i gang på Tessand. Det vart også ivrige diskusjonar om kor mykje fysisk aktivitet vi skal ha i skule og barnehage.
Mangeårig lærar ved Vågåmo skule, Hans Olav Øvre, vart vald til å leie gruppa. Her ser du han saman med Arne Brimi.


Har du innspel til korleis vi kan bli flinkare på matkultur og fysisk aktivitet i skulen, så kom med dine innspel her!

mandag 10. mai 2010

Det globale i det lokale

Undergruppa som skal jobbe med internasjonale perspektiv og miljøengasjement i skulen, har hatt fyrste møte i dag. Engasjert gjeng, som skal jobbe med korleis vi skal lære opp elevane til å vli verdsborgarar som er miljøbevisste og som viser internasjonal solidaritet.



Har du forslag til korleis vi skal jobbe med dette i skulen? Gruppa vil gjerne ha dine innspel!

onsdag 5. mai 2010

Noregs beste friviljugsentral (og flinke grendelag)

Vi jobbar no litt med å få ut informasjon om grendemøta vi skal ha. Vi skal ha ut informasjon i alle postkasser er planen. I grendene, så har vi grendelag som stiller opp for å gjere jobben for oss. I sentrumsområda Lalm og Vågåmo, så var vi litt usikre på kva vi skulle gjere sidan vi ikkje har grendelag (og det er litt fleire husstandar). Men ikkje noko problem når vi har Noregs beste friviljugsentral, som gjer jobben for oss utan kostnader. Fantastisk!! Og kven sa at friviljugheita var død??

Og her ser du lista over kor og når grendemøta er:

10.mai: Samfunnshuset i Sjårdalen

18.mai: Samfunnshuset på Lalm

20.mai: Kommunestyresalen i Vågåmo

26.mai: Skulebygget i Skogbygda

31.mai: Midtli grendehus i Nordherad

01.jun: Randsverk Kafé

14.jun: Tessand oppvekstsenter

mandag 3. mai 2010

På småbarnskafé

Kvar måndag er det "småbarnskafé" på friviljugsentralen her i Vågå. I dag ville småbarnsforeldre høyre om skule- og samfunnsutviklingsprosjektet i Vågå.
Dette er sjølvsagt ein aktiv gjeng med mange meiningar om kva som skal til for å sikre ein god og trygg oppvekst for ungane sine. Og dei er sjølvsagt veldig oppteken av at innhaldet i barnehagane og skulane skal vere optimalt når dei skal sende sine håpefulle inn i dei offentlege opplæringsinstitusjonane.

I dag fekk vi innspel om at vi må bli flinkare til å få fram at prosjektet skal satse på utvikling i skule og barnehage i heile Vågå, og ikkje berre skulen som blir bygd ny. Og vidare at det er viktig at skulen klarer å utjamne sosiale forskjeller, og ta godt vare på alle, slik at færre enn i dag dett ut av skulesystemet og ikkje føler seg heime der. Praktiske fag er noko dei ønskjer meir en velkomen i skulen, og i tillegg understreka foreldra på småbarntkafeen verdien av gode lærarar i skulen!

Vi håper at småbarnsforeldre og andre med meiningar om skulen kjem med sine innspel her, og fortset å utfordre oss. Det er no vi skal bestemme innhaldet i skulane, og kva vi skal bli best på, så vi treng innspel frå alle innbyggjarar i Vågå!