Professor i musikkvitskap og forfattar Jon Roar Bjørkvold kjem til Vågå 16. og 17.september for å møte foreldre, lærarar og andre interesserte. Han skal også gje gode råd i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet vårt.På kvelden 16.september blir det ope møte i kulturhuset. Vi kan love ein kveld med mykje musikk, kloke ord og innspel til korleis vi kan stimulere alle sansane til ungane våre. Denne kvelden vil vere relevant for både lærarar, tilsette i barnehage og skule, foreldre og elles alle innbyggjarane i Vågå.
17.september vil Jon Roar møte alle dei fire undergruppene i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet, samt prosjektgruppa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar