mandag 14. februar 2011

Billettar til "Barnas klimakonferanse" i sal no!

Billettar til musikalen "Barnas klimakonferanse" er no å få kjøpt. Musikalen er i samarbeid med Musikk i skolen, og i rollene finn du elevar frå 6. og 7.klasse i heile Vågå.

Framsyninga er i Vågå-hallen fredag 25.februar klokka 18. Billettane koster 100 kroner for vaksen og 50 kroner for barn. Du får kjøpt billettar i servicetorget i Vågå kommune.

Møt opp for å gje din støtte til elevane her i Vågå, og for å få ei musikaloppleving utanom det vanlige! Vi lover du ikkje blir skuffa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar