onsdag 9. februar 2011

Kommunestyret vedtok vidareføring av skuleprosjektet

Kommunestyret behandla 8.februar rapporten frå forprosjektet i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet i Vågå, og slutta seg samrøystes til rapporten. "Det er i kveld vi sett i gang arbeidet med å lage Noregs beste skule, og eg håper lærarane ser at dei har ein skuleeigar som bryr seg", sa ordførar Rune Øygard under behandlinga av saken.

Kommunestyret går inn for at satsinga i barnehage og skule skal utvikle heilskaplege menneske og der følgjande tre område skal vere gjennomgåande i satsinga i skule og barnehage:

o Heilskapleg menneskesyn med sansebasert læring
o Forpliktande samarbeid mellom heimen og skule/barnehage
o Tidleg innsats

Det vart ein lang og god debatt i Kommunestyret, og også eit grundig gruppearbeid der representantane fekk diskutert ulike høve med skule og barnehage og prosjektet. I debatten la fleire av representantane vekt på at trivsel, tryggleik, sjølvtillit og nysgjerrigheit er stikkord som skule og barnehage bør fokusere på.

Mette Vårdal frå Arbeiderpartiet meinte at forprosjektet allereie har gjeve eit løft for skulen, sidan fleire og fleire i kommunen no diskuterer skule og barnehage, og er opptekne av kva som skjer. Ho meinte det var viktig å ha eit langtidsperspektiv, og at vi må fokusere spesielt på å styrke skuleleiarnivået i tida framover.

Arnt Odnes frå Senterpartiet la vekt på at ein må bruke andre indikatorar enn Nasjonale prøver når ein skal skildre statusen i skulen og at det er mange variablar som forklarar kvaliteten i skulen. Tilstanden i skulen i Vågå er god, og ikkje så dårleg som rapporten framstiller det, meinte han, som elles understreka at det var mannge gode visjonar, idear og tiltak i rapporten.

Jehans Storvik (AP) understreka at mange av tiltaka ikkje treng koste pengar, og at vi kan både styrke tidleg innsats, samarbeid med heimen og det heilskaplege mennesket utan at det treng å koste noko. Tidleg innsats er viktig fordi det er i dei fyrste åra vi er mest mottakelege for læring, meinte han. Og vidare oppfordra han foreldre til å spørje ungane sine etter skuledagen er slutt: "Har du stilt eit godt spørsmål i dag?". Nysgjerrighet og det å skape elevar som tener sjølv, er viktig når vi skal utvikle det heilskaplege mennesket, og då treng vi å bruke heile Vågå-samfunnet, understreka Storvik.

Ordførar Rune Øygard la vekt på at dette prosjektet forpliktar til at kommunen må prioritere skule, og at å setje seg målsetting om å lage "Noregs beste skule" er dristig sett med Norddalsaugo. Han understreka at noko av det aller viktigaste er å byggje opp arenaer der alle ungar kan oppleve meistring. Han avslutta med å seie: "Det er i kveld vi sett i gang arbeidet med å lage Noregs beste skule, og eg håper lærarane ser at dei har ein skuleeigar som bryr seg".

Rådmannen oppsummerte debatten ved å seie at dette var ein av dei beste politiske debattane i Kommunestyret.

Det er no vi skal i gang med arbeidet med å lage Noregs beste skule, og håpet er at heile Vågå-samfunnet skal vere med i denne prosessen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar