mandag 20. juni 2011

Vinnarar av fotokonkurransen ”Mitt Vågå”

Hans Gutubø frå barnehagen, Lene Bekkemellem frå barneskulen og Steinar Riksåsen frå Vågå ungdomsskule vann kvart sitt kamera for sine bilete av ”Mitt Vågå”. Publikum stemte fram deira bilete som dei beste under fotoutstillinga under Vågå-Dågå.
Tre stolte vinnarar med sine vinnarbilete. Frå venstre Lene Bekkemellem, Hans Gutubø og Steinar Riksåsen. Foto: Hans Olav Øvre

Mange stemte
Under Vågå Dågå fekk alle elevane stille ut bilete av ”Mitt Vågå”. Utstillinga var delt inn i tre avdelingar; bilete frå barnehage, bilete frå barneskule og bilete frå ungdomsskulen. Om lag tu hundre bilete vart stilt ut.

Om lag 330 publikummarar stemte på bilete i dei tre ulike kategoriane. Og etter at stemmene var telt opp vart det klart at Hans Gutubø frå Søre Grindstugu barnehage, Lene Bekkemellem frå Vågåmo skule og Steinar Riksåsen frå Vågå ungdomsskule hadde dei mest populære bileta i utstillinga.

Nokre av kommentarane eit veldig nøgd publikum kom med i løpet av helga var: ”Her var det vanskelege å velje beste bilete. Det er så mange fine!”, ”Så mange flinke ungar vi har i Vågå” og ”Dette var løyle. Og så bra at ungar i alle aldrar får stille ut bilete”.

Mange møtte opp for å få med seg fotoutstillinga ”Mitt Vågå”. Foto: Hanne Blåfjelldal.


”Ein mann oppi lufta”
Dei tre vinnarane fekk overrekt premien på sine sommaravslutningar; eit digitalkamera til odel og eige. Dei er alle tre ”avgangselevar” og skal starte på nye skular til hausten.

Hans er ferdig i barnehagen i sommar, og skal starte i skulen til hausten. Lene skal starte i ungdomsskulen, og Steinar skal starte på skigymnas i Meråker. – Eg håper det blir mykje foto på ungdomsskulen, seier Lene.

Hans Gutubø er nøgd med sitt nye kamera, og viser stolt fram alle dei bileta han har take i løpet av den snaue veka han har eigd kameraet sitt:

- Her ser du ei geit, men på neste bilete har eg fått med litt meir av geita. Her har eg take bilete av ein mann oppi lufta. Han køyrer ein slik hangglider. Og her ser du ein film eg tok hjå bestefar, og det er ein veldig morosam film fordi Rusken (hunden) er med.

Rektor ved Vågåmo skule, Torgeir Sæteren, kommenterer i bakgrunnen at Hans allereie kan kallast ein avansert brukar av digitale verktøy. Og det er noko Vågå kommune håper at alle elevane våre skal bli på sikt.

Naturbilete som vinnarar
Alle dei tre har take bilete av natur. Steinar fortel om korleis han fann sitt motiv:

- Bilete er take ein morgon frå Sveaholen, der eg bur. Eg veit at Vågå ofte ser flott ut på denne tida av døgnet, og ein morgon fekk eg dette blinkskotet. Bilete har eg take med mobilkamera.
Foto: Steinar Riksåsen


Lene har take sitt bilete i ”Øygardom”.
- Eg tok mange bilete, men valde dette til utstillinga fordi eg tykkjer det er ein flott kombinasjon av det gamle og det nye. Det gamle er symbolisert ved gjerdet og det nye er heggen, seier Lene, som understrekar at ho tykkjer det var mange fine bilete i utstillinga, og at ho vart litt overraska over at ho vann.
Foto: Lene Bekkemellem


Hans har også take bilete sitt heime. Bilete viser ein fugl i eit tre.

- Eg berre tok bilete eg, seier Hans.
Foto: Hans Gutubø

Meir av dette i Vågå
Foto og visuell kunst blir eit satsingsområde i Vågå dei neste åra. Det har Kommunestyret vedteke og det er ein viktig del av skuleprosjektet i Vågå. Med støtte frå Lom og Skjåk sparebank og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa har mellom anna Vågå kjøpt inn eit klassesett med kamera til bruk i skule og barnehage. Frå og med neste skuleår tenkjer Vågå kommune å satse enno meir på å bruke foto i alle fag, og reknar med at det blir ein årleg tradisjon med fotoutstilling. For dette falt i smak for publikum!

Gode råd til fotografar
Alle dei tre vinnarane av fotokonkurransen er glade i å ta bilete, og meiner det er viktig at ein kan ha meir foto til dømes i kunst og handverk. I tillegg meiner dei det er bra at ein kan dokumentere fine minne frå skule og barnehage gjennom å bruke kamera. Deira råd til folk som ønskjer å ta gode bilete er:

- Ta med kamera dit du skal. Ein kan ta tøffe bilete over alt, og er du heldig får du eit skikkeleg blinkskot. Det treng ikkje berre vere natur slik vi har take men nær sagt alt, avsluttar dei tre vinnarane av fotokonkurransen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar