tirsdag 28. juni 2011

Eli Hårklau skal gjere Vågå musisk

Eli Hårklau (31) frå Voss har takka ja til stillinga som musikkpedagog i Vågå kommune. Den nyoppretta prosjektstillinga er ein del av skule- og samfunnsutviklingsprosjektet i Vågå, og Eli blir slik ein viktig person når Vågå for fullt sett i gang med å vidareutvikle det musiske Vågå.
Eli startar i jobben i Vågå i august. Foto: privat

Kommunestyret i Vågå har samrøystes vedteken satsinga ”Vaken og Vågal i Vågå” der mellom anna sansebasert læring er eitt av dei viktigaste satsingsområda. For å styrke denne satsinga, lyste Vågå kommune tidlegare i år ut ei stilling som musikkpedagog.

Eli Hårklau har no takka ja til stillinga. Grunngjevinga for at ho takka ja, gjev Eli her:

- Eg valde jobben i Vågå fordi den virka så spennande. Eg syns musikkpedagogikk er interessant, og i denne jobben kan eg fordjupe meg i dette, og få høve til å jobbe fagleg på tvers av skuleslag. Eg ser for meg at det blir ein kjekk kombinasjon mellom sjølvstendig jobbing og samarbeid med lærarar, barnehagepersonale og andre tilsette i kommunen, noko som passar meg bra! Eg har møtt kjekke folk som eg skal få jobbe saman med. Og så er det jo vakkert i Vågå, då, seier Eli.

Eli kjem frå jobben som teaterlærar ved Sunnhordland folkehøgskule. Ho har ein mastergrad i musikkvitskap frå NTNU, og har også solid utdanning i drama. Eli har tidlegare vore både dirigent, songlærar, kursleiar for dramagrupper og kurslærar i babysong. Alt i alt har Eli ei kompetanse som er etterlengta i skule og barnehage i Vågå. Og ho har planane klare for kva ho vil gjere når ho startar i jobben til hausten:

- For det fyrste vil eg vera open for ønskje og behov som ungane sjølv, samt dei tilsette i skulane, barnehagen og kulturskulen måtte ha. Eg håpar at musikk og drama kan bli eit naturleg utgangspunkt for å lære om andre fag i skulen. Eg forventar ikkje at alle lærarar skal nytte musiske undervisningsmetodar heile tida, men om eg får lov til å komme inn i ein time og undervise i det dei held på med, på ein litt annan måte enn vanleg, hadde det vore veldig spennande! Dersom det er interesse for det i lærarstaben, kan eg gjerne lære bort enkle metodiske verkemidlar henta frå dramafaget - aktiviserande undervisningsmetodar som kan tilpassast ulike fag.

I Vågå kommune er det ønskje om større fagleg samarbeid mellom dei tilsette, og også her har Eli planane klare:

- Eg har lyst til å høyre med musikklærarane i skulane kva dei treng av eventuelle bidrag frå meg. Vi kan lage eit musikkfagleg team i kommunen som utvekslar gode idear og undervisingsopplegg. Det er nok ikkje eg som sit med alle svara her, men eg håpar at samarbeid og samtale i seg sjølv kan avle mykje, seier Eli.

Eli har også dramabakgrunn. Foto: Privat

Tidleg innsats er også eitt av satsingsområda i skuleprosjektet i Vågå, og musikkpedagogen skal jobbe aktivt opp mot barnehagane. Det gler Eli seg til:

- Sjølv tenkjer eg at det hadde vore kjekt om eg fekk lov til å ha ei lita musikkstund saman med ungane i barnehagane kvar veke. Dersom det er vilje til det ute i skulane, hadde det vore kjekt å få til eit samarbeidsprosjekt - ei framsyning eller liknande - mellom dei ulike skulane, kulturskulen og barnehagane.

Eli brenn for det musiske i skule og barnehage, og har fått med seg at professor og forfattar Jon Roar Bjørkvold har laga ein eigen musisk Vågå-modell som dannar utgangspunkt for satsingane her i Vågå. Når det gjeld kor viktig det musiske er, har Eli følgjande å seie:

- Musikk er eit heilt universelt uttrykk, samstundes som det kan vera svært personleg. Menneske i alle aldrar og frå alle kulturar har eit forhold til musikk. Eg trur musikk kan lære oss mykje om oss sjølve, om kvarandre, om kultur, språk, litteratur og historie, ja kanskje til og med om matematikk. Eg håpar vi kan oppdage og bruke denne styrken i faget, både i den reine musikkundervisinga, i samarbeidsprosjekt, og som metodisk hjelpemiddel i andre fag.

Når det gjeld satsinga i Vågå og fokuset på kunst- og kulturfag, er Eli full av lovord:

- Det er så forfriskande med ein kommune som verkeleg tør å satse på skuleutvikling! Dette er ein av grunnane til at eg søkte på jobben. Mange andre kommunar ser gjerne berre utgifter og "heft" med eit slikt arbeid, men Vågå har skjønt at dette er viktig om samfunnet ikkje skal stagnere. Eg gler meg til å bidra som best eg kan i denne utviklinga, avsluttar Eli som startar opp i jobben i midten av august.
___________________________________________________________________

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar