Saman lagde femåringane fyrst trollkrem av tyting dei sjølve har plukka.
Så kom Arne Brimi for å godkjenne trollkremen femåringane hadde lagd.
Vi samla oss oppe ved Kommunehuset for å framføre "tyting-songen" som musikkpedagogen vår, Eli, har dikta.
Etterpå delte vi ut trollkrem til alle som hadde møtt opp for å høyre på.
Så delte vi ossi fire grupper. Ei gruppe stod på Coop Mega og delte ut trollkrem.
Ei annan gruppe delte ut trollkrem utanfor ICA.
Til slutt reiste ei gruppe med ungar ned på Vågåheimen der vi framførte song og delte ut trollkrem til folk som er litt eldre enn oss, men som kunne fortelje at også dei plukka tyting då dei var små.
Om smaksprosjektet
I heile år skal ungane i alle dei kommunale barnehagane i Vågå kvar veke smake på ein ny smak. Smaksprosjektet er ein del av skuleprosjektet: ”Vaken og Vågal i Vågå”, og vil vere barnehagane sin store satsing dette året.
Det startar med at ungane skal lære seg grunnsmakane, og vidare skal dei smake på rotgrønsaker, eple, mjølkeprodukt og internasjonale smakar fram til jul. Opplegget er slik at kvar barnehage skal gjennom dei same smakane, og vi prøver å følgje årstidene når vi prøver nye smakar. I desember skal vi til dømes smake på krydder og matvarer som blir nytta til jul, og den veka det er FN-dag, står internasjonale smakar på dagsorden.
Kvar barnehage vil få utdelt ein ressursperm og opplegget er utarbeida i samarbeid med Arne Brimi. Vi har i opplegget bygd vidare på det dei har gjort på Tessand dei siste to åra, og alle tilsette i barnehagane har vore på kurs i smaking. Kvar barnehage har vald kvar sin smaksansvarlege, som vil ha ansvar for gjennomføringa på dei ulike barnehagane. Desse vil også danne ei smaksgruppe som skal justere og evaluere opplegget undervegs. Målet er at dette skal bli eit fast opplegg i barnehagane, og at vi seinare skal utvide det til også å gjelde skulane.