Med strålande sol og fantastisk haustvêr, fekk 7.klassane ein nydeleg tur. Til tross for frost om natta, så overlevde alle ei natt i telt. Turen til Bøverbreen på fredag vart ei nydeleg oppleving.
Uteskule er eit satsingsområde for skulane i Vågå, og barneskulane er mellom anna blitt med i eit EU-prosjekt der målsettingen er å utvikle og dele praktiske undervisningsmetoder knytt til natur, miljø og klima. Prosjektet er i samarbeid med Klimapark 2469, og Vågå skal dei neste to åra samarbeide med ein region i Tyskland.
Fleire bilete av turen kan du sjå her:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar