tirsdag 13. september 2011

Arne Brimis smaksskule lanserast i Vågå 20.september

Tysdag 20.september inviterer Vågå kommune, i samarbeid med Arne Brimi, til kick off for ”Arne Brimis smaksskule. Frå og med om lag klokka 13 vil du kunne få servert ”trollkrem” i Vågåmo sentrum.

Denne tysdagen vil alle femåringane i Vågå kommune sine barnehagar samlast i Vågåmo for saman å lage trollkrem av ”tyting” dei har plukka no i haust. Under kan du sjå bilete frå tyting-turane i barnehagane våre.

Arne Brimi blir med for å lage trollkrem og inspirere ungane, og etterpå skal femåringane dele ut trollkrem til innbyggjarane i Vågåmo.

Femåringane vil samlast på kjøkenet på Vågåmo skule frå og med klokka 11 for å lage trollkrem saman. Klokka 12 kjem Arne Brimi til Vågåmo skule for å møte ungane og smake på trollkremen i lag med dei.

Femåringane vil dele ut trollkrem utanfor kommunehuset og inne i Coop-bygget frå om lag klokka 13.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar