mandag 10. oktober 2011

Klar for besøk frå Tyskland

I samband med EU-prosjektet som Vågå kommune har fått støtte til, vil Vågå kommune få besøk av ein delegasjon frå vår samarbeidsregion Bad Tölz i Tyskland denne veka.

Vågå og Bad Tölz har vald å kalle prosjektet for ”Come(nius) to nature and school”.

Namnet har vi vald fordi vi har fått støtte gjennom Comenius-programmet og fordi prosjektet handlar om å utvikle meir praktiske undervisningsmetodar knytt til natur og klima.

I Vågå kommune er det Vågå kommune, Sjårdalen oppvekstsenter, Lalm oppvekstsenter, Vågåmo skule og Fjellmuseet/Klimapark 2469 som er ein del av dette prosjektet. I regionen Bad Tölz er det skuleeigaren, Königsdorf skule og Youth training center i Königsdorf som er partane vi skal samarbeide med.

Seks representantar frå Tyskland kjem altså i neste veke til Vågå for å møte våre tilsette, bli kjend med Vågå og Nord-Gudbrandsdalen og planlegge korleis vi saman skal utvikle praktiske undervisningsmetodar i saman med våre samarbeidsaktørar.

Representantane frå Vågå kjem hit måndagsettermiddag. Tysdag skal delegasjonen bli kjend med skulane i kommunen, og dei møter lærarane og representantane frå Fjellmuseet for å bli kjende med kvarandre. På onsdag skal lærarane og partnarane i dei to regionane saman avgjere korleis dei skal jobbe framover for å utvikle desse metodane. Heile torsdagen går med til å vere på Fjellmuseet i Lom der vi skal bli kjende med verksemda og kvarandre gjennom ulike aktivitetar.

Frå Vågå kommune er følgjande lærarar med: Anders Nordnes og Nina Andby frå Vågåmo skule, Olav Tøfte frå Sjårdalen oppvekstsenter og Frode Sandum og Hanne Kari Bakke frå Lalm. Dag Inge Bakke og Mai Bakken representerer Fjellmuseet/Klimapark 2469 og Hanne Blåfjelldal er prosjektleiar og representant frå Vågå kommune.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar