onsdag 28. juli 2010

Vågå fjellstyre og skulen

Vågå fjellstyre forvaltar bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Det vil seie at ein stor del av Vågå kommune er statsallmenning (burde bli omlag 70 % etter mine reknekunnskaper).

Dei viktigaste oppgåvene for fjellstyret er å administrere bruken og utnyttinga av statsallmenningane til beste for dei med bruksrett og allmenta, på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og som tek omsyn til naturvern- og friluftsinteressene.

På grendemøta vi har hatt i kommunen, så er eitt av dei aller mest vanlege innspela vi har får, å bruke lokalsamfunnet meir, og at eit av dei største fortrinna våre er naturen vår, og jakt-, fangst- og fisketradisjonane våre. Tilsette meiner det er ein skam vi ikkje bruker naturen meir, når han ligg rett ved oss, men også her i Vågå så manglar vi peng til ekskursjonar og til buss.

I dag har Fjellstyret samarbeid med skulane om eit opplegg for 7.trinn der dei reiser på overnattingstur med fisking på hausten. Det er viktig at elevane lærer seg om naturen, og korleis dei kan bruke han. Og sidan det blir fiska for lite i Vågå, så er det viktig at elevane får oppleve gleden av å fiske (for dei fleste tykkjer det er veldig moro!).

Vågå fjellstyre ønskjer å medverke meir i forhold til skule og barnehage. Dei låner bort lavvo, garn, båtar og hytte til skular og barnehage. Dei ønskjer også å medverke meir, men her er det også skuleverk og innbyggjarar som må kome med innspel til kva Fjellstyre kan medverke i forhold til. Kva er viktig at elevane lærer om? Korleis kan vi samarbeide med Fjellstyret? Og kva bør elevane lære om dei 900 km² som Fjellstyret forvaltar?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar