torsdag 15. juli 2010

Kulturskulen sin plass i opplæringa

I løpet av dette året, så skal vi legge fram forslag til korleis kulturskulen skal organiserast og kva for plass kulturskulen skal ha i forhold til skule og barnehage. Rett før sommaren vart det nettopp vedteke ein kulturskuleplan som er ambisiøs, og der ein set seg som mål at kulturskulen skal ha ein viktigare plass både i forhold til skule og samfunn elles.

Kulturskulen skal gi tilbod innanfor musikk, dans, teater og visuelle kunstfag. Det skal skulen også gjere. Men i kulturskulen er det ofte tilsett profesjonelle utøvarar, og ein har moglegheit til å gå meir i djubden. Undervisninga er friviljug, etter skuletid og det er eigenbetaling. Likevel er det mange som er elevar i kulturskulen her i Vågå.

Likevel ønskjer ein at fleire skal gå i kulturskulen, det er eit ønskje om redusert foreldrebetaling, ein ønskjer eit breiare tilbod og det er vanskeleg å rekruttere tilsette når dei ikkje får tilbod om heile stillingar og må jobbe på kveldstid.

Gruppa som jobber med estetiske fag skal sjå på korleis vi skal organisere kulturskuletilbodet framover, og korleis vi kan bruke kompetansen til kulturskule inn i barnehage og skule. Kva meiner du? Bør vi gje kulturskuletilbodet på dagtid og i skuletida? Bør vi gje nokre tilbod til alle elevane som er gratis? Korleis bruke dei tilsette i kulturskulen i skulen? Kva for tilbod bør kulturskulen gje?

2 kommentarer:

  1. Ein bør gje eit kulturskuletilbod i SFO-tida. Det gjev ungane meiningsfull bruk av denne tida, foreldra blir avlasta for kveldsaktivitet og ein slepp miljøuvenleg transport av ungar på kvelden.

    SvarSlett
  2. Takk for innspel! Dette vil heilt sikkert bli ein av modellane som blir vurdert, så får vi sjå kva vi ender ned på. :)

    SvarSlett