mandag 12. juli 2010

Forbrukersamfunn og miljøengasjement

Noko av det viktigaste vi kan lære opp elevane våre til, er å ta ansvar for jordkloda dei lev på, slik at ho blir vidareført til dei neste generasjonanen slik vi sjølv skulle ønskje ho ville sett ut når vi overtok ho. Bærekraftig utvikling er eit omgrep brukt av ein tidlegare statsminister, og er noko vi ikkje må gløyme. Det er diverre mange signal som tyder på at utviklinga på jorda er alt anna enn bærekraftig.

Det har mellom anna i sommar vore skremmande rapporter på ungdom på festival som let utstyret ligge att fordi det koster så lite, att dei ikkje gidd ta det med seg, forsøplinga på sommarstid er enorm (tenk berre på eingangsgrillane som ligg att overalt) og vi tek i liten grad ansvar for dei miljøødeleggingane vi står for sjølv. Kanskje mykje fordi vi korkje ser konsekvensane for eigen lommebok og for eiget liv?

Korleis skal vi lære opp elevane til å bli miljøangasjerte, og til å ta ansvar for naturen, for jorda og for alle menneskene som bur her?

2 kommentarer:

  1. Kor mange er det som veit kor mykje forureining ein genererar ved å handle eit bomullsplagg?

    SvarSlett
  2. Det trur eg ikkje det er mange som veit, og ikkje eg sjølv ein gong. Men å synleggjere slike ting for elevane, er ikkje dumt. Slik kan dei sjølv sjå konsekvensane av vårt forbruk. Kor mykje forureining er det prat om då?

    SvarSlett