fredag 30. desember 2011

Høgdepunkt frå 2011 i skuleprosjektet

Februar
8.februar slutta Kommunstyret seg samrøystes til anbefalingane i rapporten frå forprosjektet. Dei bestemte å setje i gang eit femåring utviklingsarbeid i skule og barnehage der tre hovudområde skulle vere gjennomgåande; forpliktande samarbeid med heimen, tidleg innsats og sansebasert læring.

25.februar sette elevane i storskulen på Lalm og 6. og 7.klasse på Vågåmo skule opp musikalen "Barnas Klimakonferanse" i samarbeid med "Musikk i skulen". Omlag 300 publikummarar fekk med seg musikalen.

April
Vågå kommune lyser ut stilling som musikkpedagog for å styrke arbeidet med sansebasert læring i skule og barnehage.

Mai
18.mai opna Jens Stoltenberg nye Vågåmo skule

Juni
Hans Gutubø frå barnehagen, Lene Bekkemellem frå barneskulen og Steinar Riksåsen frå Vågå ungdomsskule vann kvart sitt kamera for sine bilete av ”Mitt Vågå”. Publikum stemte fram deira bilete som dei beste under fotoutstillinga under Vågå-Dågå. Under Vågå Dågå fekk alle elevane stille ut bilete av ”Mitt Vågå”. Utstillinga var delt inn i tre avdelingar; bilete frå barnehage, bilete frå barneskule og bilete frå ungdomsskulen. Om lag 200 bilete vart stilt ut.

I juni blir også Eli Hårklau tilsett som musikkpedagog i Vågå kommune.

August
Vågå får innvilga ein søknad å setje i gang eit EU-prosjekt i samarbeid med Klimapark 2469 og ein region i Bayern i Tyskland. Målsettinga er å dele og utvikle uteskulemetodikk.

Vågå kommune får tildelt 550 000 nye kroner frå Utdanningsdirektoratet til skuleprosjektet vårt for å utvikle tilbod innanfor foto, musikk og smak. Frå før har vi fått 900 000 kroner.

Musikkpedagog Eli Hårklau startar i jobben, og skal jobbe med musikkstunder i alle dei kommunale barnehagane, utvikle musikkfaget i skulen og jobbe med drama og musikk som metode i alle fag.

September
Tysdag 20.september vart Arne Brimis smaksskule lansert. Det sørgja femåringane i Vågå kommune sine barnehagar for - med song og trollkrem til folket!Dette var starten på eit smaksprosjekt i barnehagane i Vågå som heiter ”Arne Brimis smaksskule”. Dette byggjer på Arne Brimi sin filosofi om at ungar bør smake på mykje forskjelleg i ung alder for å stimulere alle sansane sine.

Oktober
Vågå kommune får besøk av ein tysk delegasjon i samband med EU-prosjektet vi er i gang med.

November
Ein delegasjon på seks personar frå Vågå kommune, Lalm skule, Vågåmo skule og Norsk fjellmuseum var frå 6. til 11.november på besøk til Bayern i samband med EU-prosjektet vi er i gang med.
Her ser du Anders Nordnes gjennomføre øvinga "Kor mange lærarar får plass i ein sjølvbygd kubikkmeter?".

Desember
Undervisningsinspektør ved Vågåmo skule, Hans Olav Øvre blir pensjonist og avsluttar med stil som Rødhette i oppsettinga "Rødhette og Ulven".

9.klasse arrangerte lyrikkveld

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar