onsdag 18. mai 2011

Statsminister Jens Stoltenberg besøkte Vågå

Jens Stoltenberg var onsdag 18.mai i Vågå for å opne Vågåmo skule og få høyre meir om skule- og samfunnsutviklingsarbeidet i Vågå. Han fekk mellom anna oppleve song, dans og fekk demonstrert nye digitale verktøy i 3.klasse.
Her signerer Jens Stoltenberg ei glassplate til Vågåmo skule

Jens Stoltenberg er full av lovord om Vågå kommune og ordførar Rune Øygard. Han fortel at det alltid er nye prosjekt i Vågå og alltid noko som skjer. Han understreker spesielt at han tykkjer det er bra at ein i Vågå ser moglegheitane i staden for å klage på alle problema.

Elevrådsleiar ønskjer velkomen med ei flott tale.

Underhaldning frå elevane.

Underskriving av intensjonsavtale om IKT mellom Microsoft, Intel, Atea og Vågå kommune skjedde før statsministaren kom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar