onsdag 30. juni 2010

Berre 15,2 % med høgare utdanning i Vågå

For nokre dagar sidan kom tal frå Statistisk sentralbyrå som viser utdanningsnivået i ulike kommunar i Noreg. Statistikken viser at Oppland er det fylket i landet med nest-lågast utdanningsnivå, berre "slått" av Hedmark. I Oppland har 17,1 % høgare utdanning inntil fire år, og 3,6 % har over fire år. Til samanlikning er talet i Oslo 28,8 % og 14,9 %.

I Nord-Gudbrandsdalen står det enno "dårlegare" til. I Vågå er det 15,2 % som har høgare utdanning, og i Nord-Gudbrandsdalen er vi berre "slått" av Sel, der 14,7 % har høgare utdanning. Dei andre kommunane i regionen ligg på omlag 16 og 17 %, så det er ikkje store skilnader.

Årsaken til dette er i stor grad at dei som ønskjer å ta høgare utdanning må ut av regionen til dei store utdanningsinstitusjonane, og i liten grad vel dei å kome attende. Det er difor både folk og kompetanse som flytter ut av regionen. Sjølvsagt er det mykje uformell kompetanse som er att, og det er mange som klarar å skape store verdiar og mange arbeidsplassar utan universitetsutdanning. Desse må vi ta vare på, og vi ønskjer fleire som skapar verdiar i regionen, med eller utan formell høgare utdanning, basert på kva vi har i Vågå.

Men er det eit problem at det er lågt utdanningsnivå i Vågå, og viss ja, kva skal vi i så fall gjere med dette?

onsdag 23. juni 2010

Korleis skal vi fjerne mobbing i skulen?

Norsk skule har ikkje klart å lukkast med å fjerne mobbing blant elevane våre. I Elevundersøkinga svarer omlag 1 av 10 (8,5%) at dei blir mobba fleire enn to gonger i månaden. Dette er for mykje, og vi er sjølvsagt ikkje nøgde før vi ikkje har noko mobbing i skule og barnehage her i Vågå.

Men korleis skal vi klare det? Korleis skal vi møte utfordringar med mobbing? Har du historier du vil fortelje om dette eller tiltak du vil foreslå i skulane i Vågå? Send oss ein mail eller legg att ein kommentar på bloggen her.

Målet vårt er skular der alle elevane gleder seg til å gå på skulen kvar dag. I ein slik skule finst ikkje mobbing.

tirsdag 22. juni 2010

Vi tek ikkje sommarferie

Elevar og tilsette i skulane har no take ein velfortent somarferie, og skal lade batteria til eit nytt skuleår. I barnehagane er det fortsatt liv og røre. I samband med skule- og samfunnsutviklingsprosjektet vårt, så har vi ikkje tid til å ta sommarferie om vi skal klare å bli ferdig i løpet av året.

Men at det er litt roligare i skule og barnehage gjer at det er betre tid til å besøke og prate med andre aktørar i kommunen. Har du ein bedrift og ønskjer samarbeid med skulane? Har du kompetanse du ønskjer å dele med skule og barnehage? Vi tek gjerne ein prat med deg, så ta kontakt med prosjektleiar om du vil slå av ein prat.

Elles skal Kommunestyret få orientering om prosjektet i dag, samtaler med fleire tilsette pågår og både gruppa for IKT og estetiske fag skal ha møte i løpet av sommaren.

torsdag 17. juni 2010

Kunst og kultur i barnehagen!

I går var det høgtidleg opning av barnehagen Søre-Grindstugu. Barnehagen har riktignok vore open i eitt år, men det var fyrst i går det var snorklipping. Ordførar Rune Øygard var sjølvsagt til stades for å klippe snora, og det var flott underhaldning av ungane med song, og så vart det delt ut vitnemål til femåringane. Her ser du snorklipping:

Høgdepunktet var vel likevel då personalt dramatiserte eventyret om prinsessa og gullballen (den med ho bortskjemte som lovar seg bort til ein frosk, og som ikkje får lov å sleppe unna). Det er vel ingen hemmeligheit at Vågå i skule og barnehage ønskjer å satse meir på estetiske fag som mellom anna drama. Og minst like viktig som at ungane i skule og barnehage lærar seg drama, er at vi har personale som tør å prøve ut ting, ikkje er redde for å dumme seg ut, og som viser ungane at dei har det moro. Det viste personalet ved Søre Griundstugu i går, og vi håper å få sjå meir til slikt i skule og barnehage framover. Under kan du sjå bilete!

tirsdag 15. juni 2010

Heile samfunnet skal skape Noregs beste skule!

Tusen takk til alle som har vore med på grendemøta våre. Vi har fått utruleg mange nyttige innspel, og det er skriven referat frå alle grendemøta og dette er formidla ut til prosjektgruppa vår, rektorkollegiet og det vil også bli brukt av arbeidsgruppene i prosjektet. Det som har blitt sagt, blir tatt med vidare i arbeidet vårt, og vi tek alle innspel alvorlig. Så er det sjølvsagt slik her, som alle andre plassar, at ikkje alle får det som dei vil. Men vi skaper no engasjement rundt skule og samfunnsutvikling, og det er bra! Vi håper alle i Vågå blir med i dugnaden for å skape Noregs beste oppvekstmiljø.

Sjølv om grendemøta er over, så håper vi at folk engasjerer seg i dette prosjektet også i tida framover. Det er Vågå kommune sitt store utviklingsprosjekt om dagen, og vi vil ha heile kommunen med. Vil du ha besøk av oss i prosjektet eller har du innspel? Ta kontakt med oss! Vi kjem på besøk til bedrifter eller friviljuge lag og organisasjonar. Alle enkeltindivid som vil komme med sin meining, er hjarteleg velkomen til det.

I morgon skal prosjektleiar og sektorsjef ha spanande møte med ein kjend forskar, på torsdag er det mellom anna 10.klasseavslutning og på fredag skal prosjektleiar og næringskonsulent besøke Oppland Stål. Fleire oppdateringer føljer!

mandag 14. juni 2010

Siste grendemøte ut i dag!

I dag er det grendemøte på Tessand klokka 19. Det er siste grendemøte ut for denne gong, så får vi sjå om vi køyrer ny runde når vi har noko meir konkret ut på hausten.

Det blir spanande å sjå om Tessand klarer å slå rekorden på 27 oppmøtte i Skogbygda. Og vi håper også på engasjement og innspel til korleis vi skal lage Noregs beste skule!

mandag 7. juni 2010

Kva er Vågå sine fortrinn?

Vi ønskjer å satse på det Vågå allereie er gode på i skulen, og vi ønskjer å utvikle stoltheit over kommunen hos elevane, og vi ønskjer at elevane skal kjenne til historie, kultur, geografi og språk i Vågå mellom anna.

Vi skal gjennom dette prosjektet kartlegge kva som er Vågå sine fortrinn, og kva som gjer oss unike.

Følgande innspel har mellom anna komen inn i forhold til Vågå sine fortrinn: Fjell, fantastisk natur, jakt- og fangsttradisjon, mange kunstnarar har hatt base i Vågå, stolt spel- og dansartradisjon, mange friviljuge lag, stor kompetanse og engasjement, ambisiøse politikarar, Arne Brimi..

Kva meiner du er Vågå sine fortrinn, og kva har vi som ingen andre har, som vi bør satse på i skulen? Kva i Vågå bør elevane våre lære om for å utvikle stoltheit over kommunen sin?

torsdag 3. juni 2010

Engasjerte innbyggjarar

No har seks av sju grendemøter vore. Og det har møtt opp mange engasjerte vagværer som er opptatt av framtida for skulen. Vi har fått vite mykje om kva som er bra i skulen, kva som ikkje er bra og kva vi må fokusere meir på.

Skriket etter meir praktiske fag i skulen er unisont! I alle grendene trekker ein fram verdien av at elevane får "gjerra" for å lære. Det er også einighet om at vi må satse meir på det lokale, slik at elevane blir kjent med si eigen kommune. Landbruket blir nemnt av mange som eit område elevane må lære om.

På alle grendemøta blir det fokusert på trivsel. At elevar trivst er det viktigaste målet for skulen. Og vi skal vere nøgde med prosjektet vårt om vi oppnår å ha ei skule der alle elevane gleder seg til å kome kvar morgon. Det er, inntil vidare, hovudmålet vårt!

tirsdag 1. juni 2010

Korleis bruke naturen meir i skulen?

På Lalm oppvekstsenter har elevane javnleg uteskule, og her kan du lese om uteskule med 5.trinn og lærar Dag Nyøygard. Turen gjekk til Svarttjønn på Tolstadåsen, og elevane fekk lære mykje dei ikkje lærer i eit klasserom. Spørsmålet vi ønskjer attendemelding på, er korleis vi kan bli enno flinkare til å bruke dei lokale kvalitetane i Vågå i undervisninga vår? Kva meiner du?



På bilete ser du elevane kose seg med nistepakke. Og på bilete over ser du elevane lære om dyrespor på vegen opp til Svarttjønn. På turen fekk elevane lære om både spor etter rev, elg, fugl og ei rekkje andre dyreartar.



I gang med rensing av fisken, og elevane ser både på kva som er inne i fisken, kva han har ete, og dei lærer korleis fisken skal behandlast før vi kan legge han på bålet.

Meir rensing av fisk. Og nokre av elevane åt til og med fiskehjarte, som skal bringe med seg fiskelykke. Og fire fisk vart det til saman på elevane.


Det er ingen tvil om at uteskule er populært hos elevane. Spørsmålet er korleis vi skal bli enno flinkare til å bruke naturen vår for å nå kompetansemåla i læreålanen. Har du tips??