torsdag 3. juni 2010

Engasjerte innbyggjarar

No har seks av sju grendemøter vore. Og det har møtt opp mange engasjerte vagværer som er opptatt av framtida for skulen. Vi har fått vite mykje om kva som er bra i skulen, kva som ikkje er bra og kva vi må fokusere meir på.

Skriket etter meir praktiske fag i skulen er unisont! I alle grendene trekker ein fram verdien av at elevane får "gjerra" for å lære. Det er også einighet om at vi må satse meir på det lokale, slik at elevane blir kjent med si eigen kommune. Landbruket blir nemnt av mange som eit område elevane må lære om.

På alle grendemøta blir det fokusert på trivsel. At elevar trivst er det viktigaste målet for skulen. Og vi skal vere nøgde med prosjektet vårt om vi oppnår å ha ei skule der alle elevane gleder seg til å kome kvar morgon. Det er, inntil vidare, hovudmålet vårt!

3 kommentarer:

  1. Trivsel i skolen er selvfølgelig nøkkelen til god utdanning. Men fokuset bør ligge på å oppnå dette gjennom elevenes mestringsfølelse - at de faktisk lærer noe, og liker det. Barn tørster i utgangspunktet etter å lære, og mistrivsel er ofte et produkt av at de føler at de ikke mestrer læringsprosessen.

    SvarSlett
  2. Å gi elevene en følelse av å mestre samtidig som de lærer mer om nærmiljøet er veldig bra. Dere har jo både landbruk, fjellet, håndverk og lokale kunstnere å bli inspirert av! Lykke til:)

    SvarSlett
  3. Kalle: Heilt einig med deg i at trivsel ofte kjem av at elevane ikkje blir sett, at dei ikkje føler dei gjer noko nyttig, og ikkje minst, så er det, som du seier, avgjerande at elevane opplever meistring. Og det blir viktig i arbeidet vårt at vi jobbar for at ALLE elevane skal føle meistring.

    Fru Storlien: Vi skal klare å bruke nærmiljøet i større grad, og vi har mange fortrinn her. Men utfordringa er å få det til på ein måte som er effektiv, målretta og ikkje koster for mykje peng!

    SvarSlett