tirsdag 30. november 2010

Samarbeid med utlandet?

Ei av målsettingane med prosjektet vårt i Vågå, er å opne opp Vågå mot omverda. Vi ønskjer å vekke elevane sitt internasjonale engasjement, og også samarbeide meir med skular og barnehagar i andre land.

Torsdag reiser prosjektleiar på eit EU-seminar i Budapest der målsettinga mellom anna er å prøve å finne samarbeidspart i Europa med målsetting om både elev- og lærarutveksling.

Vi har også oppretta kontakt med skule i Finland og England, så det ser ut som samarbeid skal vere innanfor rekkevidde.

Ser de fordeler av samarbeid med skular i andre land? Har de ønskje om spesielle land eller spesielle tema?

fredag 19. november 2010

Har du tips til kvar vi kan ha fotoutstilling?

Skulane og barnehagane i Vågå skal dei neste månadane i gang med eit fotoprosjekt. 15 kamera er kjøpt inn til elevbruk, og alle elevane skal fotografere lokalsamfunnet i Vågå - både menneske, natur, bygningar og kultur.

Arbeidet skal ende med ein utstilling der vi skal syne fram arbeida til barnehageungane og skuleelevane frå heile Vågå.

Har du tips om kvar vi kan ha ei slik utstilling? Utendørs eller innendørs? Tenk heilt originalt, og kom med idear til oss. Så skal vi prøve å gjennomføre!

Skule- og barnehagesatsinga vår innvilga støtte på 900 000 kroner

I september i år søkte Vågå kommune på utviklingsmidlar frå Utdanningsdirektoratet til utviklingsprosjekt i kulturskule, skule og barnehage. Vi søkte på på støtte til prosjektet vi er i gang med i Vågå under paraplyen "Kulturmøte", og fekk i går svaret på at vi er innvilga støtte på 900 000 kroner. Desse pengane vil kome alle barn og unge, og heile Vågå-samfunnet til gode.

Vågå kommune ved kulturskulen, ønskjer å sette i gang eitt arbeid knytt til kulturmøte. Vi har tru på kulturmøte fordi vi meiner at elevane må få eit medvite forhold til eige identitet i møte med andre uttrykksformer og andre land sine kulturar. Vi ønskjer å knytte arbeidet rundt tre pilarar; foto og målarkunst, smak og mat og musikk. Kulturskulen skal i dette prosjektet jobbe mot skulane, slik at tilbodet går til alle elevane i skule og barnehage. Vi ønskjer å ope opp skulane og barnehagane motlokalsamfunnet, og lokalsamfunnet skal opnast opp mot omverda.

Vågå ønskjer å bygge opp Kulturskulen som eit ressurssenter, som kan serve lokalsamfunnet og vere synlege for innbyggjarane våre. I prosjektet ”Kulturmøte” ønskjer kulturskulen eit spesielt fokus retta mot skulane og barnehagane. Vi ønskjer å styrke opplæringa i kunstfag og opplæringa gjennom kunstfag i skule og barnehage, og ønskjer å byggje dette samarbeidet rundt paraplyen ”Kulturmøte”.

Kulturskulen ønskjer gjennom dette prosjektet å synleggjere korleis vi kan få til eit samarbeid innanfor kompetanse skular og barnehagar etterspør, og at eit slikt samarbeid kan styrke elevane, lærarane og samfunnet som heilskap. Områda som er plukka ut, er område som er forankra i forprosjektet vårt, og som
dei fire undergruppene i forprosjektet har pekt på at dei ønskjer kompetanse og samarbeid innanfor.

Kulturmøte var eitt av dei områda mellom anna undergruppa "Det globale i det lokale" ønskja å fokusere på. No får vi altså 900 000 kroner til å sette i gang med dette arbeidet i 2010.

mandag 15. november 2010

"Fotografi er det eneste som er større enn livet"


Det sa Morten Krogvold då han torsdag møtte tilsette i skule og barnehage i Vågå kulturhus.

Vi fekk oppleve ein engasjert Morten Krogvold som prata generelt om skule og barnehage, om kunst og om fotografiet. Krogvold meinte at vi i skule og barnehage bør bli flinkare til å stille gode spørsmål, og at vi bør trene opp ungane til å utfordre det vi tek for gitt.

Bruk sanseappratat!
Fotografi handlar om å bruke alle sansane våre, og det handlar om sjølvutvikling – til å ta stilling til seg sjølv. Når vi tek bilete må vi fortelje ein historie, sa Krogvold. Han oppfordra oss til at elevane skal skrive ei novelle om Vågå fotografisk. Og historia må alltid kome foran teknikken.

I skule og barnehage skal vi no i gang med fotoprosjekt, der ungane og elevane skal skildre "Mitt Vågå". Fridomen innanfor dette temaet er stort, og vi satsar på at vi skal få til ei utstilling på nyåret. I dette arbeidet er det viktig at vi gjer Morten Krogvold ord til våre. Vårt håp er at meir fokus på foto i skule og barnehage skal få elevane til å vekse og til å bruke sansane - slik kan dei bli betre kjende med både Vågå og seg sjølv.

mandag 8. november 2010

Smak i skulen

Det skjer allereie mykje bra i skulane og barnehagane våre når det gjeld smak og mat. Dette er likevel eit felt vi ønskjer å satse på og videreutvikle her i Vågå. Vi ønskjer å bruke dei lokale smakane våre i samspel med andre, og bli flinkare til å knyte dette opp mot fag og kompetansemål i alle fag.

I førre veke hadde 6.trinn ved Vågåmo skule smaksprosjekt i mat- og helseundervisninga, som ein del av "Smakens veke", som er eit program og undervisningsopplegg sett i gang av landbruks- og matdepartementet.

Du kan sjå elevane er i full gang med å smake. Dei skal lære seg å kjenne dei ulike grunnsmakane, og skal gjette på dei smakane dei får. Dei får utdelt noko som ser likt ut, men som ikkje smakar likt.


Har du idear til korleis ein kan bli flinkare til å bruke smak og mat i undervisninga? Har de gode døme på at dette gjev elevane betre læringsutbytte?

tirsdag 2. november 2010

Drømmebilete ditt?

Vi er no i ferd med å sluttføre arbeidet i forprosjekt. I den samanheng prøver vi å definere eit drømmebilete av skule og barnehage i Vågå. Korleis ser den perfekte skuledag eller skuleveke ut? Ikkje tenk grenser her, men tenk kreativt og gjerne utanfor boksen.

Korleis ser den perfekte dag ut i barnehagen? Kva lærer ungane? Kva fortel dei når dei kjem heim?

Kom gjerne med innspel!