fredag 19. november 2010

Har du tips til kvar vi kan ha fotoutstilling?

Skulane og barnehagane i Vågå skal dei neste månadane i gang med eit fotoprosjekt. 15 kamera er kjøpt inn til elevbruk, og alle elevane skal fotografere lokalsamfunnet i Vågå - både menneske, natur, bygningar og kultur.

Arbeidet skal ende med ein utstilling der vi skal syne fram arbeida til barnehageungane og skuleelevane frå heile Vågå.

Har du tips om kvar vi kan ha ei slik utstilling? Utendørs eller innendørs? Tenk heilt originalt, og kom med idear til oss. Så skal vi prøve å gjennomføre!

1 kommentar:

  1. Bør vera ein plass der folk flest ferdast, Hanne. Eg foreslår Bokhandelen!

    SvarSlett