Vår nytilsette musikkpedagog Eli Hårklau jobbar med å bruke musikk og drama som metode i alle fag i skulen. Ho har hatt mange oppdrag allereie, og her kan du sjå bilete frå arbeid i 7.klasse på Lalm oppvekstsenter.
Temaet i opplegget her er "dei store oppdagarane" som ho hadde med 7. trinn. I løpet av opplegget vart det laga stillbilder og dramatisert små scener tatt frå livet og reisene til Marco Polo, Vasco da Gama, Kristoffer Colombus og Fernando de Magellan. Dei høyrte også på musikk frå dei historiske periodane desse oppdagarane levde, både europeisk musikk og musikk frå landa dei besøkte. Elevane kikka også på gamle verdskart frå før og etter dei store oppdagingsreisene, og såg på kva endringar reisene førte med seg. Her kan du sjå bilete frå opplegget:
Knallbra! Så kjekt å lese om drama i alle fag på Vågå. Underviser i drama på Universitet i Stavanger og akkurat nå gjør mine dramastudenter ferdig de oppleggene de skal ha på Roaldsøy skole i morgen.De har laget dramaopplegg med utgangspunkt i tekster fra elevenes lesebøker fra 1 til 7 klasse - nettopp ut i fra den måten dere også jobber på: DRAMA I ALLE FAG!
SvarSlettBeste hilsen
Aud - Professor i drama Universitetet i Stavanger
Så flott. Det hadde vore verkeleg interessant å lære meir om kva de driv med. Send gjerne link eller anna informasjon om resultat av det de driv med. Viktig at vi som driv med dette kan lære av kvarandre. Har du noko du kan dele med oss, må du gjerne sende ein mail til hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no
SvarSlett