søndag 13. november 2011

På tur til Bayern

I samband med EU-prosjektet som Vågå er ein del av, var ein delegasjon med tre lærarar, to frå Fjellmuseet i Lom og ein frå kommuneadministrasjonen, på tur til Bad Tölz i førre veke. Målet var å lære meir om korleis våre tyske vener jobbar med uteskule og korleis skulesystemet deira fungerer.

Over ser de samarbeidstrening på Youth training center med 7.klasse i Königsdorf.

Sirkusframsyning på Königsdorf skule.

Jamen dukka det ikkje opp ei krokodille også.

Elevane hadde laga utstilling med norsk flagg og fakta om Noreg (der det stod mykje om norske fotballspelarar).

Elevane i femteklasse fortel oss kva som er spesielt med Bayern
Frode deler ut brev skrive av elevane på Lalm oppvekstsenter
Nøgde tyske elevar har fått brev frå elevar i Vågå
Nina deler ut kort til 2.klasse i Königsdorf frå 2.klasse ved Vågåmo skule
Elevane er begeistra for å ha fått kort frå Noreg
Nina viser fram bilete av 2.klasse på Vågåmo skule


Elevane i 2.klasse lærer om mjølkeprodukt av ein av bøndene i regionen


...og det gjer også den norske delegasjonen..

Vi får omvisning i Königsdorf. Stolpen vi står framfor er ein svær trestamme som med jamne mellomrom blir sett opp med berre handkraft av alle ungkarane på plassen. Og sjølvsagt blir det fest etterpå når bragden er gjort...

Turen var fantastisk for oss alle som var med, og vi ser fram til eit toårig prosjekt der vi skal samarbeide om å utvikle uteskulepedagogikken vår. Med mål om at det skal kome våre elevar til gode.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar