Vågå kommune er med i eit EU-prosjekt med målsetting om å utvikle meir praktiske undervisningsmetodar knytt til natur. På sundag reiser seks personar frå Vågå til Bayern.
Destinasjonen er Bad Tölz i delstaten Bayern - ein times togtur unna München. I løpet av denne veka skal delegasjonen frå Vågå bli kjend med samarbeidsskulen, noko som heiter Youth training center og elles få lære om tysk utdanningssystem.
I dette prosjektet er det minst tre aktørar i kvar region som er med. I Vågå er dei tre barneskulane med, kommunen som skuleeigar og Fjellmuseet i Lom/Klimapark 2469. Saman skal vi utvikle nye undervisningsmetodar saman innanfor det vi i Noreg kallar "uteskule". Vi skal også dele det vi allereie gjer som er bra.
I løpet av veka i Bayern skal delegasjonen få vere med på ein lokal festival i tillegg til det faglege. Det faglege programmet er besøk i klassene, besøk på Youth training center, ekskursjon med ein fugleekspert og undervisningsopplegg i samarbeid med "gardskoner" der nede. I tillegg får vi mykje tid til å legge fram våre utprøvde metoder og diskutere korleis vi skal samarbeide framover.
Prosjektet skal vare i to år, og det er lagt opp til fire besøk i Bad Tölz i løpet av denne tida - samtidig som dei kjem hit til Vågå fire gonger.
På bilete ser du den tyske og den norske delegasjonen samla då dei var på besøk her i Vågå i oktober.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar