I førre veke hadde vi besøk frå Vidgis frå Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa har tidlegare gjeve økonomisk støtte til prosjektet i Vågå.
Vigdis var her for å høyre meir om satsinga vår i Vågå, og fekk mellom anna vere med elevane i 8.klasse då dei tok fotografi i Vågå-kyrkja. Etterpå bar det til Søre Grindstugu barnehage for å få vere med ungane på å lage mat der.
I Vågå er vi godt i gang med eit smaksprosjekt i barnehagane våre der ungane får vere med på å oppleve ein ny smak kvar veke. Denne veka var det internasjonale smakar som stod på planen. Tidlegare i veka hadde ungane fått smake både russisk og iransk mat, men denne gongen var det norsk mat som skulle smakast på.
Ungane kutta sjølv rotgrønsaker og var med i matlaginga.
Før maten var det dans og glede som stod på dagsorden
Dei aller fleste likte laks frå Noreg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar