onsdag 4. januar 2012

Fysisk aktivitet på dagsorden

For nesten eitt år sidan slutta Kommunestyret seg samrøystes til rapporten "Vaken og Vågal i Vågå" der målsettinga er å lage Noregs beste skule. Der er det slått klart fast at meir fysisk aktivitet og sunnare kosthald er viktig for å nå målsettingane våre. 30 minutt fysisk aktivitet i skulen kvar dag er målet.

Startskotet for skuleprosjektet gjekk ved skulestart i haust. Vi er i gang med å lage ein lokal læreplan for friluftsliv som eitt tiltak innanfor fysisk aktivitet.

No denne våren startar vi opp arbeidet med å nå målsettinga Kommunestyret sette seg om 30 minutt fysisk aktivitet i skulen - i tillegg til kroppsøvingsfaget. Vi har kalla inn til eit møte 18.januar, der rektorane og mange av dei som jobbar med fysisk aktivitet i kommunen skal setje seg ned for å diskutere korleis vi skal jobbe for å nå denne målsettinga.

I går arrangerte regionkontoret i Nord-Gudbrandsdalen også ein inspirasjonsdag for alle lærarar i regionen om fysisk aktivitet. Dagen var meget vellukka og resulterte i mange inspirerte lærarar. Alle skulane får også moglegheit til å vere med å konkurrerer om å vinne aktivitetsprisen i Norddalen på 70 000 kroner. Det er eit tiltak vi håper har positiv effekt for elevane våre.

Målet om ein meir fysisk aktivitet er ikkje berre eit skuleansvar. Her er det viktig at alle i samfunnet, og ikkje minst foreldra, er med på å jobbe for ein meir fysisk aktiv kvardag for ungane våre.

Fysisk aktivitet er viktig innanfor alle tre satsingsområda i skuleprosjektet vårt; både tidleg innsats, samarbeid med heimen og sansebasert læring.

Har du innspel til korleis vi bør jobbe med fysisk aktivitet, må du gjerne legge att ein kommentar her eller sende ein epost til prosjektleiar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar