torsdag 26. januar 2012

"Det er mitt val"

Onsdag 25.januar vart det arrangert kursdag for tilsette frå 1-4.trinn i skulemiljøopplegget "Det er mitt val".



Det er mitt valg er et undervisningsopplegg om klassemiljøutvikling og forebyggende arbeid i grunnskolen og i videregående skoler støttet av Lionsklubbene i Norge. Det er mitt valg” er eit metodisk verktøy for bruk i heile utdanningsløpet, og gjev skular og barnehagar tilgang til ei redskapskasse med bøker, idéhefte, foreldrehefte, temahefte, musikal mm.

Oppvekstsjef, Jan Egil Fossmo, var også til stades under deler av kurset og såg ut til å ha stort utbytte.

Målet med kurset er eit meir systematisk arbeid for å skape eit betre skulemiljø. Det er eksremt viktig mellom anna for å forebyggje mobbing.

Tusen takk til Lions for ein flott kursdag. Vi trur dette vil kome til stor nytte i arbeidet med skulemiljø i Vågå. Takk også til kurshaldar Marianne Jansson (som pussig nok kjem frå Vågås vennskapskommune i Sverige, Tierps kommun).

onsdag 25. januar 2012

Energikamp for tilsette



Har du lurt på kva lærarane driv med når elevane har fri? Her kan du få svaret.

Onsdag 25.januar hadde dei tilsette frå 5-7.klasse kursdag i Regnmakarane. Hans Christin Johnson frå Enova og Hamar naturskule hadde lagd eit innhaldsrikt opplegg for tilsette i Vågå og for to representantar frå Klimapark 2469.

Oppgåva er å byggje kvart sin luftrakett.

Kven kan få luftraketten lengst? Alle må delta!


Og her er vinneren

Etter ein halv dag inne, er det på tide å bevege seg ut. Vi skal ha energikamp i skulegarden. Vi blir delt inn i fem lag, og skal gjennom løypa som elevane får prøve kvart einste år.








Både Vågåmo skule og Lalm skule har ein ambisjon om å bli Regnmakerskule. 13. og 14. februar kjem Hamar nturskule på nytt besøk for å ha byggjedag med elevane våre. Dette vil bli introduksjonen til Regnmakarane dette halvåret.

8.juni blir det arrangert Energikamp i Vågå. Då vil det bli leik og læring for elevane. Og ikkje minst vil det bli kåra ein vinnar!

onsdag 11. januar 2012

Odin mista auga sitt

På Sjårdalen oppvekstsenter skjer det litt av kvart. Her om dagen fekk elevane oppleve at den mektige og vise guden Odin byta bort auga sitt mot visdom.

Odin ville så gjerne vita alt som har skjedd og alt som skulle skje i verda. Difor ville han gjerne få drikke frå brønnen til Mime (Mime er også Gud i norrøn mytologi, og vart rekna som den klokaste guden).
Her ser du guden Mime.

Mime ville ikkje dele noko med Odin. Men Odin ville så gjerne få ein liten smak av vatnet, og lova det eine auga sitt i byte for ein liten slurk. Det gjorde Mime raskt meir interessert.
Odin gjev bort auga sitt.

Slik gjekk det til, Odin tok ut det eine auga sitt, og bytte det mot ein slurk frå brønnen til Mime. Difor har odin berre eitt auga.

Dramatiseringa av denne historia frå norrøn mytologi stod lærarane Else Stade og Olav Tøfte for. Dette var starten på arbeid om norrøn mytologi som 1-4.klasse no jobbar med.

tirsdag 10. januar 2012

Vil du medverke i kulturveka i Vågå?

I veke 24 (11-16.juni) skal vi arrangere ei kulturveke i Vågå. Kulturveka skal i hovudsak vere for ungar i barnehage og elevar i skulen, men vi ønskjer å aktivisere heile lokalsamfunnet. Kulturveka skal gje innbyggjarane våre kjennskap til ulike kulturuttrykk, og vi ønskjer at ungane skal få kjennskap til både eige kultur og andre kulturar. Møte mellom ulike kulturar er også noko vi ønskjer skal stå sentralt – for å vise at Vågå er ein del av verda og at verda også er ein del i Vågå. Kulturveka er ein del av skuleprosjektet i Vågå der politikarane har sett seg som målsetting å lage Noregs beste skule.

Veka vil i hovudsak bestå av verkstader der både elevar, ungar og foreldre vil få moglegheit til å fordjupe seg i kunnskap og kompetanse på ulike kulturuttrykk. Dette kan vere musikk, dans, drama, handverk, natur eller kunnskap om kulturminne. Både foreldre, tilsette, elevar, næringsliv og friviljuge vil bli utfordra til å vere med å forme innhaldet i kulturveka. Vi ønskjer at det skal svinge av Vågå denne veka, og til det treng vi dykkar hjelp.

Kva kan til dømes innhaldet i kulturveka vere?
Kunst (biletkunst, foto, samansette tekstar)
- Dans (alt frå folkedans til swing til hip hop til step og internasjonal folkedans)
- Drama (dokketeater, maskeproduksjon, teatersport, teaterleik, teatersminke)
- Musikk (song, band, komponering, lytting, rytme, stomp, afrikanske trommer)
- Litteratur (poesi, prosa, samansette tekstar)
- Kulturminne (Rydd et kulturminne (i samarbeid med Norsk kulturarv, lokalhistorie i Vågå, eventyr og segn, lære om nærområdet vårt)
- Handverk (smiing, husflid, emne innanfor kunst og handverk)
- Natur (fisking, jakt, matlaging, kunst i naturen, lære om tidlegare kultur gjennom å sjå spor i naturen).

Vil du medverke?Er du anten friviljug, pensjonist, privatperson, student, forelder, besteforelder som føler du har noko å medverke med i denne veka? Eller veit du om andre folk som absolutt bør spørjast om å medverke? Eller har du tips til innhaldet i veka?

Ver snill og ta kontakt med prosjektleiar Hanne Blåfjelldal på e-post hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no eller telefon 416 83 254

onsdag 4. januar 2012

Fysisk aktivitet på dagsorden

For nesten eitt år sidan slutta Kommunestyret seg samrøystes til rapporten "Vaken og Vågal i Vågå" der målsettinga er å lage Noregs beste skule. Der er det slått klart fast at meir fysisk aktivitet og sunnare kosthald er viktig for å nå målsettingane våre. 30 minutt fysisk aktivitet i skulen kvar dag er målet.

Startskotet for skuleprosjektet gjekk ved skulestart i haust. Vi er i gang med å lage ein lokal læreplan for friluftsliv som eitt tiltak innanfor fysisk aktivitet.

No denne våren startar vi opp arbeidet med å nå målsettinga Kommunestyret sette seg om 30 minutt fysisk aktivitet i skulen - i tillegg til kroppsøvingsfaget. Vi har kalla inn til eit møte 18.januar, der rektorane og mange av dei som jobbar med fysisk aktivitet i kommunen skal setje seg ned for å diskutere korleis vi skal jobbe for å nå denne målsettinga.

I går arrangerte regionkontoret i Nord-Gudbrandsdalen også ein inspirasjonsdag for alle lærarar i regionen om fysisk aktivitet. Dagen var meget vellukka og resulterte i mange inspirerte lærarar. Alle skulane får også moglegheit til å vere med å konkurrerer om å vinne aktivitetsprisen i Norddalen på 70 000 kroner. Det er eit tiltak vi håper har positiv effekt for elevane våre.

Målet om ein meir fysisk aktivitet er ikkje berre eit skuleansvar. Her er det viktig at alle i samfunnet, og ikkje minst foreldra, er med på å jobbe for ein meir fysisk aktiv kvardag for ungane våre.

Fysisk aktivitet er viktig innanfor alle tre satsingsområda i skuleprosjektet vårt; både tidleg innsats, samarbeid med heimen og sansebasert læring.

Har du innspel til korleis vi bør jobbe med fysisk aktivitet, må du gjerne legge att ein kommentar her eller sende ein epost til prosjektleiar.