onsdag 25. januar 2012

Energikamp for tilsette



Har du lurt på kva lærarane driv med når elevane har fri? Her kan du få svaret.

Onsdag 25.januar hadde dei tilsette frå 5-7.klasse kursdag i Regnmakarane. Hans Christin Johnson frå Enova og Hamar naturskule hadde lagd eit innhaldsrikt opplegg for tilsette i Vågå og for to representantar frå Klimapark 2469.

Oppgåva er å byggje kvart sin luftrakett.

Kven kan få luftraketten lengst? Alle må delta!


Og her er vinneren

Etter ein halv dag inne, er det på tide å bevege seg ut. Vi skal ha energikamp i skulegarden. Vi blir delt inn i fem lag, og skal gjennom løypa som elevane får prøve kvart einste år.








Både Vågåmo skule og Lalm skule har ein ambisjon om å bli Regnmakerskule. 13. og 14. februar kjem Hamar nturskule på nytt besøk for å ha byggjedag med elevane våre. Dette vil bli introduksjonen til Regnmakarane dette halvåret.

8.juni blir det arrangert Energikamp i Vågå. Då vil det bli leik og læring for elevane. Og ikkje minst vil det bli kåra ein vinnar!

1 kommentar:

  1. Flott Vågå! Kjempebra at kommunen og skolene satser skikkelig og tar tak for å komme fra "Ord til handling" innen energi og klima. Lykke til videre - vi ser frem til å samarbeide med engasjerte lærer, skolebarn og prosjektdeltakere i pilotkommunen Vågå.
    Hilsen Erik Longva, daglig leder i Energiråd Innlandet

    SvarSlett