tirsdag 10. januar 2012

Vil du medverke i kulturveka i Vågå?

I veke 24 (11-16.juni) skal vi arrangere ei kulturveke i Vågå. Kulturveka skal i hovudsak vere for ungar i barnehage og elevar i skulen, men vi ønskjer å aktivisere heile lokalsamfunnet. Kulturveka skal gje innbyggjarane våre kjennskap til ulike kulturuttrykk, og vi ønskjer at ungane skal få kjennskap til både eige kultur og andre kulturar. Møte mellom ulike kulturar er også noko vi ønskjer skal stå sentralt – for å vise at Vågå er ein del av verda og at verda også er ein del i Vågå. Kulturveka er ein del av skuleprosjektet i Vågå der politikarane har sett seg som målsetting å lage Noregs beste skule.

Veka vil i hovudsak bestå av verkstader der både elevar, ungar og foreldre vil få moglegheit til å fordjupe seg i kunnskap og kompetanse på ulike kulturuttrykk. Dette kan vere musikk, dans, drama, handverk, natur eller kunnskap om kulturminne. Både foreldre, tilsette, elevar, næringsliv og friviljuge vil bli utfordra til å vere med å forme innhaldet i kulturveka. Vi ønskjer at det skal svinge av Vågå denne veka, og til det treng vi dykkar hjelp.

Kva kan til dømes innhaldet i kulturveka vere?
Kunst (biletkunst, foto, samansette tekstar)
- Dans (alt frå folkedans til swing til hip hop til step og internasjonal folkedans)
- Drama (dokketeater, maskeproduksjon, teatersport, teaterleik, teatersminke)
- Musikk (song, band, komponering, lytting, rytme, stomp, afrikanske trommer)
- Litteratur (poesi, prosa, samansette tekstar)
- Kulturminne (Rydd et kulturminne (i samarbeid med Norsk kulturarv, lokalhistorie i Vågå, eventyr og segn, lære om nærområdet vårt)
- Handverk (smiing, husflid, emne innanfor kunst og handverk)
- Natur (fisking, jakt, matlaging, kunst i naturen, lære om tidlegare kultur gjennom å sjå spor i naturen).

Vil du medverke?Er du anten friviljug, pensjonist, privatperson, student, forelder, besteforelder som føler du har noko å medverke med i denne veka? Eller veit du om andre folk som absolutt bør spørjast om å medverke? Eller har du tips til innhaldet i veka?

Ver snill og ta kontakt med prosjektleiar Hanne Blåfjelldal på e-post hanne.blafjelldal@vaga.kommune.no eller telefon 416 83 254

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar