Odin ville så gjerne vita alt som har skjedd og alt som skulle skje i verda. Difor ville han gjerne få drikke frå brønnen til Mime (Mime er også Gud i norrøn mytologi, og vart rekna som den klokaste guden).
Mime ville ikkje dele noko med Odin. Men Odin ville så gjerne få ein liten smak av vatnet, og lova det eine auga sitt i byte for ein liten slurk. Det gjorde Mime raskt meir interessert.
Slik gjekk det til, Odin tok ut det eine auga sitt, og bytte det mot ein slurk frå brønnen til Mime. Difor har odin berre eitt auga.
Dramatiseringa av denne historia frå norrøn mytologi stod lærarane Else Stade og Olav Tøfte for. Dette var starten på arbeid om norrøn mytologi som 1-4.klasse no jobbar med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar