onsdag 29. september 2010

Magisk i Jutulheimen

Foto: Kjell Stålevik
På laurdag (25.september) arrangerte kulturskulen i Vågå "Teater på tunet" der elevar i kulturskule og skule i samarbeid med fire prosesjonelle skodespelarar samarbeida om ei spektakulær framsyning.

Foto: Kjell Stålevik
Elevane hadde øvd veka før, og publikum fekk sjå både gjøglarar, flammer, sang, dans, musikk i ei framsyning der temaet var pest og middelalder. Kampen mellom svartedauden og folk var gjennomgangstema gjennom heile framsyninga.
Gjøglarar i aksjon:

Foto:Kjell Stålevik

Svartedauden:

Foto: Kjell Stålevik

Modige elevar kastar seg gjennom flammeringen:

Foto: Kjell Stålevik

fredag 24. september 2010

På vengjer av kjærleik og glede

Les Torunn Elise Berg sin fantastiske forteljing om møte med Jon Roar Bjørkvold

Ein glytt inn i vårt innarste, sterke inntrykk og uttrykk, vørdsemd og sår andakt. Jon-Roar Bjørkvold spelar på strenger i oss som alt for sjeldan er i bruk.

Det innarste
”Hal e fli i dag? Jammen, e vil hå fli!“ Ei vital lita dotter har eg på lån, med glimt i augo og, forsiktig sagt, stort kjenslespenn. I eit skinande nå, lev ho. Når ho kjem bårande om morgonen, derimot, gjerne før seks, kling av og til strengene ugreitt. På denne tida av døgnet innrømmer eg at det kan vera ei utfordring å vera særleg imøtekomande. I otta, dagen etter møtet med Jon-Roar Bjørkvold på kulturhuset i Vågå, gjorde jentas buldrande entré slett ingenting. Klar til angrep og hogg, var ho. –Hei, jenta mi, så bra at du kom alt nå, smilte eg, og tenkte: så heldige vi er som får møte ein ny, flott og klår haustdag saman. Jenta slo om, som på ein femøring, og møtte dagen og meg med desse orda: ”Du er perfekt, mamma. Eg elskar deg!”

Etter tredje møtet med Bjørkvold, røyrer han framleis ved strenger som sjeldan er i bruk i meg. Fyrste gongen, som fersk skule- og kulturskulelærar, sat eg som frelst. Den gongen, som no, gav han av seg sjølv, song med ei kraft og ei vørdsemd som greip tak og heldt fast, han lokka fram latter og gråt, sårheit og glede. Han balanserte stødig og elegant i all verdas toneartar på ein gong. Denne mannen hadde jo skjønt det, verkeleg skjønt det, tenkte eg den gongen. Sjølv no, ved tredje møtet, reiser håra seg på ryggen når han les og fortel om mannen med Alzheimers sjukdom, som stødig og verdig reiste seg opp av rullestolen i konas gravferd, og kom fram og takka han for vakker song. Eg kjenner varme og godheit bre seg når eg høyrer lydklippet av det levande samspelet i latter og song mora og den blinde babyen har, gjennom voggesongen Trollemor. Bjørkvold held oss i skjerpa estesi gjennom timar.

Noregs beste skule – mennesket i sentrum
-Om vi greier å kople det ubevisste med rasjonaliteten, seier Bjørkvold, og drive skulen vår skapande og ikkje spekulativt, vil vi nå eit langt djupare nivå. Vi må alle ta menneskebrillene på. Skal vi styrke faga, må vi styrke mennesket, og vi må ha mennesket i sentrum. Slik vil vi bli betre rusta til å møte motbakkane og motvinden. Å prøve seg på Noregs beste skule forpliktar grenselaust, og får de det til, vil det få nasjonale konsekvensar, seier Bjørkvold denne kvelden.

Barnet eig livet
Bjørkvolds utgangspunkt er biletet av eldste dottera som baby, med eit blikk som fangar og koplar til, som berre eit spedbarn kan. -Vi må ta vare på ”trøkket” i barnet og forvalte gleda barnet har ved livet. ”Jeg eier livet, livet eier meg”, seier han om barnet. -Forvaltar vi ikkje gleda ved å leva, tørkar vi inn som menneske. Bjørkvold legg vekt på at det er ein estetisk dimensjon i alt. -Her skil vi ikkje mellom fag og estetiske fag, musikk eller ikkje musikk. Det er ein estetisk dimensjon i alt og i alle fag, kreativiteten kjem som eit utslag av vår personlege estetiske oppleving –det pedagogiske eros! Innfallsporten treng ikkje nødvendigvis vera musikk.

Det musiske læringssenteret
-Treff vi det musiske læringssenteret i mennesket, kan vi spele i alle toneartar. Song, til dømes, skal vera påkopling, ikkje avkopling, seier Bjørkvold. -Musikk kan endre alt. Vi fekk kjenne på kroppen krafta musikk kan ha da han viste oss introen til TV-serien ”Dynastiet” med to ulike lydspor til. Med trompetmusikk blir raud raudare, rett og slett, og ulik musikk til, fekk tida til å tre fram med ulik lengde. Likeeins kan musikken i stemma endre alt. Fint kan seiast på så mange måtar. -Mennesket sansar i heilheitar, i synestesi, dette må vi ta med oss inn i skulen. Slik skulen er i dag, er den delt i einheitar, seier Bjørkvold.

Attende i klasserommet
Det er fredagsmorgon, eg svevar framleis på møtet med Jon-Roar Bjørkvold kvelden før, og på vengjene av kjærleik dottera mi gav meg i møtet med dagen. –Er ikkje vi heldige som vakna i dag tidleg, kvitrar eg til ungane i klasserommet. Elevane glyttar på kvarandre. ”Kva pønskar ho på nå, tru”, les eg av augo deira. Eg triv gitaren og vi syng Jahn Teigens ”Optimist”. Songen vi har sunge mange gonger dei siste vekene, men som for meg trer fram i ei anna farge og med ei anna djupne denne morgonen. ”Jeg har en tro, jeg har et mål som jeg skal finne. Jeg har en kraft, og det er viljen til å vinne. En dans for håpet og en dans for gleden. En dans i lyset og en dans for freden. Optimist (...)” ”Og vi som trudde det ikkje var mogleg for dama å bli sprøare”, gliser blikka til ungane. Måtte det vare! Måtte det vare, tenkjer eg. Eg er klar, klar med hammar og meisel. Eg vil vera med å byggje Noregs beste skule!


Tekst og bilete av Torunn Elise Berg. Publisert i Norddalen torsdag 23.september 2010.

fredag 17. september 2010

Bjørkvold inspirerte

Vågå kulturhus vart løfta til himmels torsdagskveld, og publikum som hadde møtt opp vart vekt, stimulert og tenkjer truleg heilt annleis på enkelte ting i dag, enn dei gjorde i går. Her ser du nokre av orda som kom opp då vagværen vart beden om å si kva dei følte når dei høyrte barnesongar.

Forfattar og professor Jon Roar Bjørkvold uttala at han hadde gleda seg som ein unge til å kome til Vågå, og i vårt møte med Bjørkvold, vart vi også alle som ungar att. Og nettopp barnet og gleden barnet har over livet og songen, var mykje av det Jon Roar fokuserte på i foredraget sitt. Små ungar er opne for alt, med ein fantastisk lyst til å lære. Dette må vi ta vare på, stimulere og inspirere, sa han.

Bjørkvold er oppteken av at alle stemmene må kome til uttrykk, og korleis vi skal oppnå tilpassa opplæring. Han fekk ikkje understreka nok at lærarar må vere glad i mennesker - for er du ikkje glad i ungar, har du ingenting i læraryrket å gjere.

Eitt av høgdepunkta var då Bjørkvold viste oss introen til Dynastiet, og fekk oss til å legge merke til det som skjer under "bevissthetsgrensa". Og kva skjer med stemningen og kjenslene vi får av introen om du legger til anna musikk? Det var ein tankevekkande oppleving for oss alle.

Vi opplevde ein mann som gav mykje av seg sjølv, og som med humor, sjølvironi, levande bevegelser, skildringar og med varme, klarte å formidle bodskapen om kor viktig det er at mennesket får bruke alle sansane sine.

Bjørkvold fekk etter foredraget overrekt gåve av ordfører Rune Øygard, som sa han følte Jon Roar hadde blitt ein sann Vågåven. Skuleprosjektet vi er i gang med er grunnen til at Bjørkvold har take turen til Vågå, og Jon Roar fekk ikkje fullrost tankegangen bak prosjektet nok. Og Ordførar Øygard avslutta slik: "Vi får tru på at dette er rett tenkt, og vi får ei sterkare ryggrad til å makte utfordringane".

Sitat frå Jon Roar Bjørkvold i løpet av kvelden:

"Han hadde bare fagbrillene på og ikke menneskebrillene"

"Vi skal ikke bare snakke om, men være i"

"Vi må ha tid til begrepenheten, for at begrepene skal feste seg"

"Skal mennesket løftes gjennom kunnskap, må det energi til"

"Sang er ikke avkobling, det er tilkobling"

Nokre av tilhøyrarane som hadde møtt opp. Bjørkvold saman med oppvekstsjef Kjell Nyhus.

onsdag 15. september 2010

Fantastiske kursdagar i musikk

Vågå kommune arrangerte i går og i dag to kursdagar i musikk for alle tilsette i Nord-Gudbrandsdalen. Kurshaldar har vore Kjersti Østnes Eggum, og det er organisasjonen "Musikk i skolen" som har stått bak kurset. Vågå kommune har vore arrangør, og alle tilsette i musikk i heile Nord-Gudbrandsdalen har vore invitert.

Fyrste kursdag var for dei tilsette med liten formell bakgrunn i faget eller liten undervisningserfaring. 24 deltakarar var med, og dei fekk prøve seg sjølv og fekk tips om korleis musikkundervisninga kan gjerast enkel og interessant. Her kan du sjå bilete av deltakarane, som fekk oppleve ein praktisk dag med både musisering, komponering, rytme og dans.

Andre kursdag var for dei tilsette med formell bakgrunn i faget og meir undervisningserfaring. 16 deltakarar var med, og det sprudla og bobla av energi også denne dagen. Under kan du sjå nokre bilete av både arrangement med kostar og der deltakarane får øve seg på dans.






Tusen takk til Kjersti som var kurshaldar, og til Torunn som tok seg tid til å vere her for å gje oss innspel til prosjektet vårt. Vi ønskjer å fortsette samarbeidet med "Musikk i skolen", og ønskjer dei velkomne attende til Vågå seinare.

søndag 12. september 2010

Musisk veke i Vågå

Kommande veke i Vågå blir musisk. Musikk skal på dagsorden, og når fredagen kjem, håper vi alle innbyggjarane går rundt og syng, smilar til kvarandre og alle syng hei når dei møtar andre på gata.

På tysdag startar vi med kursdag 1: "Musikk på timeplanen". 24 lærarar påmeldt, som skal lære om korleis vi kan setje musikk på timeplanen på ein enkelt og grei måte. Dei skal synge, klampre på rytmeinstrument og etter kurset er dei forhåpentligvis i veldig god stand til å ha betre musikkundervisning i Vågå-skulen.

På onsdag er det kursdag 2, med same tema. 16 tilsette påmeldt. Denne gongen for tilsette med formell bakgrunn i musikkfaget, og dei som føler dei kan ein del. Dei skal få verkeleg avanserte tips om korleis vi skal oppnå måla i læreplanverket.

På torsdag kjem musisk menneske, professor og forfattar Jon Roar Bjørkvold. Han skal møte innbyggjarane våre i Vågå kulturhus klokka 1900. Møtet er ope for alle, og gratis. Her kan du lese meir om kvelden.

På fredag, møter samme Bjørkvold alle undergruppene, samt prosjektgruppa i skuleprosjektet vårt. Då skal vi bli utfordra og få samordna arbeidet vårt.

Vi gleder oss til musisk veke, og håper alle innbyggjarane i Vågå blir med oss torsdagskveld klokka 1900 i kulturhuset.

onsdag 8. september 2010

Bli med 7.klasse på tur til Melingen.

Denne veka har 7.trinn i Vågå vore på overnattingstur og fått oppleve gleden ved fisking og vere ute i naturen. Turen er i samarbeid med Vågå fjellstyre, og er støtta av Den kulturelle skulesekken.
På denne turen får elevane moglegheit til å vere ute i naturen, ferdast i naturen og ikkje minst fiske. Samarbeidet er komen opp fordi Vågå fjellstyre ser nytta av at elevane lærer om dei store områda som fjellstyret har ansvar for (ein stor del av Vågå er statsallmenning) og at dei tidleg opplever gleda ved å vere ute i naturen og bruke av ressursane våre. Det er også viktig at det blir fiska i dei vatna som er i Vågå, sidan det enkelte plassar blir fiska for lite.

Elevane på bilete over er (frå venstre): Torjus Brun Hageløkken, Rolv Magnus Hidemstrdet og Kristian Bjørklund (Fotograf: Hans Olav Øvre)

Samarbeid mellom opplæringsinstitusjonar og andre samfunnsaktørar er noko vi ønskjer meir av. Har du tips eller idear om korleis skulane og barnehagane kan samarbeide meir med lokalsamfunnet for at elevane skal lære meir om lokalsamfunnet vårt? Vi ønskjer gode innspel!

Over ser du bilete av leiren ved Saghaugen ved Melingen

fredag 3. september 2010

Lalm, kunst og mat

Og alt heng saman med alt sjølvsagt.
Dagen i dag starta med personalmøte på Lalm, og her ser du eit knippe av dei tilsette ved Lalm oppvekstsenter. Personalet skulle bli oppdatert på ståa i prosjektet vårt, og vi skulle diskutere organisering av fotoprosjektet vi skal køyre i haust. Gjengen på Lalm var som vanleg energiske og positive. Alle vil ha foto på timeplanen, og innspela deira var at vi køyrer "Mitt Vågå" for heile kommunen, så kan vi sjå på likskaper og skilnader frå grend til grend og frå alder til alder. Men alt skal sjølvsagt også samlast i ei sentral ustilling, slik at vi får fram at Vågå er ei kommune. Dette blir moro!! Vi treng litt utstyr og kompetanseheving, men det skal vi få til. Under ser du rektor Anita Hølmo og medlem av undergruppa for IKT, Kristine, diskutere kva som er deira Vågå (truleg).
Seinare på dagen har både gruppene for estetiske fag og matkultur og fysisk aktivtet hatt møte. No begynner dei å stresse litt. Dette er gruppene som skal diskutere seg fram til og finne løysingar for korleis vi skal jobbe med estetiske fag i skule og barnehage og korleis vi skal jobbe med matultur og fysisk aktivitet. Og dei har att under ein månad av arbeidet. Her ser du deler av undergruppa for estetiske fag vri hjernene sine:
God helg! :)

torsdag 2. september 2010

Stor aktivitet i arbeidsgruppene!

I dag er det ei heftig møteveke, kor tre av undergruppene har møte, samt prosjektgruppa.

Her ser de møte i undergruppa for IKT, som mellom anna har i mandat å finne framtidig løsying for IKT i skulane, og korleis vi kan styrke den pedagogiske bruken av digitale verktøy.

No er det under ein månad til undergruppene skal ha klare sine rapportar og svar på mandatet dei har fått. Det er difor hektisk aktivitet i alle gruppene. I morgon skal det vere møte parallelt i to undergrupper (og bilete kjem av dei også). Og om to veker skal alle undergruppene møtast saman med Jon Roar Bjørkvold for å få gode diskusjonar på tvers.

Undergruppene leverer sine rapportar til prosjektgruppa. Dei har då i oppgåve (i løpet av to månader) å sy saman rapportane til ein heilskap, og legge fram endeleg rapport. Og etter det er det Kommunestyret som avgjer kva som skjer. Her ser du deler av prosjektgruppa under møtet i dag:

onsdag 1. september 2010

Gruppa for estetiske fag ønskjer innspel!

Som de sikkert er klar over, så har dei fire undergruppene i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet frist til 1.oktober med å bli ferdig med arbeidet. Før vi i gruppa for estetiske fag konkluderar, så ønskjer vi å opne for innspel.

Undergruppa for estetiske fag har konkludert med at vi ønskjer å lage konkrete undervisningsopplegg der ein knytar saman kompetanse frå skule og barnehage, friviljuge, kulturskule, næringsliv og lokale fagpersonar innanfor lokalbaserte tema. Alle elevar i Vågå skal gjennom desse undervisningsopplegga på ulike trinn (inkludert barnehage), og vi ønskjer å sørgje for at alle elevane lærer det same om Vågå-samfunnet. Undervisningsopplegget skal innehalde formidling i tillegg til skapande arbeid. Engasjerte elevar er viktig, så det er difor viktig at dei estetiske faga vekker engasjement for reisten av skulearbeidet.

Undervisningspakkene skal:
- vere temabasert
- bygge på lokale fortrinn og ressursar
- vere brubyggjar mellom skule og barnehage, kulturskule, friviljuge lag, næringsliv og profesjonelle utøvarar
- ta utgangspunkt i kompetansemål i læreplanverket, og vere med å styrke måloppnåing i læreplanverket
- vere for hele kommunen slik at alle elevane lærer det same og får tilbod om det same

Vi ønskjer å satse på følgjande tema:
Kvernstein
Foto og bilete
Musikk og dans
Biletvev
Drama
Design og arkitektur

Vi har følgjande diskusjonsspørsmål, vi ønskjer de gjer oss innspel på:
1. Er dette rett tenkt og høyrast det fornuftig ut?
2. Er det andre tema vi burde ha med, som ikkje er nemnt her?
3. Kva for rammefaktorar kan gjere at dette blir vanskeleg å gjennomføre, og kva slags tilrettelegging trengst for at vi skal gjennomføre det?
4. Kva kan gjere at det blir vanskeleg å samarbeide med folk utanfor skuleverket?
Spel- og dansarlaget har i dag eit samarbeid med Vågåmo skule, der dei går inn og underviser 5.trinn i dans over ei viss periode. Er eit slik type samarbeid ønskjeleg i større grad? Kva bør eventuelt omfanget vere? Og på kva område kan slikt type samarbeid hjelpe dykk i arbeidskvardagen?

Med venleg helsing
Undergruppa for estetiske fag
v/ leiar Elisabeth Holshagen