onsdag 1. september 2010

Gruppa for estetiske fag ønskjer innspel!

Som de sikkert er klar over, så har dei fire undergruppene i skule- og samfunnsutviklingsprosjektet frist til 1.oktober med å bli ferdig med arbeidet. Før vi i gruppa for estetiske fag konkluderar, så ønskjer vi å opne for innspel.

Undergruppa for estetiske fag har konkludert med at vi ønskjer å lage konkrete undervisningsopplegg der ein knytar saman kompetanse frå skule og barnehage, friviljuge, kulturskule, næringsliv og lokale fagpersonar innanfor lokalbaserte tema. Alle elevar i Vågå skal gjennom desse undervisningsopplegga på ulike trinn (inkludert barnehage), og vi ønskjer å sørgje for at alle elevane lærer det same om Vågå-samfunnet. Undervisningsopplegget skal innehalde formidling i tillegg til skapande arbeid. Engasjerte elevar er viktig, så det er difor viktig at dei estetiske faga vekker engasjement for reisten av skulearbeidet.

Undervisningspakkene skal:
- vere temabasert
- bygge på lokale fortrinn og ressursar
- vere brubyggjar mellom skule og barnehage, kulturskule, friviljuge lag, næringsliv og profesjonelle utøvarar
- ta utgangspunkt i kompetansemål i læreplanverket, og vere med å styrke måloppnåing i læreplanverket
- vere for hele kommunen slik at alle elevane lærer det same og får tilbod om det same

Vi ønskjer å satse på følgjande tema:
Kvernstein
Foto og bilete
Musikk og dans
Biletvev
Drama
Design og arkitektur

Vi har følgjande diskusjonsspørsmål, vi ønskjer de gjer oss innspel på:
1. Er dette rett tenkt og høyrast det fornuftig ut?
2. Er det andre tema vi burde ha med, som ikkje er nemnt her?
3. Kva for rammefaktorar kan gjere at dette blir vanskeleg å gjennomføre, og kva slags tilrettelegging trengst for at vi skal gjennomføre det?
4. Kva kan gjere at det blir vanskeleg å samarbeide med folk utanfor skuleverket?
Spel- og dansarlaget har i dag eit samarbeid med Vågåmo skule, der dei går inn og underviser 5.trinn i dans over ei viss periode. Er eit slik type samarbeid ønskjeleg i større grad? Kva bør eventuelt omfanget vere? Og på kva område kan slikt type samarbeid hjelpe dykk i arbeidskvardagen?

Med venleg helsing
Undergruppa for estetiske fag
v/ leiar Elisabeth Holshagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar